Kulturvern og kulturminne

Kulturminne er alle spor etter menneske sitt liv og virke i det fysiske miljøet. Dei mest verdifulle kulturminna er freda, medan andre kan vera verna eller verneverdige. Dei fleste kulturminne har ikkje nokon formell vernestatus, men kan likevel vera verdifulle for mange. Eigarar og brukarar gjer eit viktig arbeid med å ta vare på kulturminne som har verdi for både dei sjølv og andre.

Forvaltning av kulturminne

I forvaltninga skil ein mellom arkeologiske kulturminne (frå før reformasjonen), som er automatisk freda, og nyare tids kulturminne, som ikkje har noko automatisk vern. Også nyare tids kulturminne kan fredast, men då etter vedtak frå Riksantikvaren. I Sveio gjeld dette berre Einstadbøvoll gard. Elles er det kommunane som har hovudansvaret for forvaltninga av nyare tids kulturminne, først og fremst gjennom handheving av plan- og bygningslova. Kulturminneplanen, som blei vedteken i 2015, ligg til grunn for forvaltninga av kulturminne i Sveio. Her er kulturminna i kommunen sett inn i ein historisk samanheng, og det er vurdert i kva grad dei har verneverdi. Dei lokalt mest verdifulle kulturminna er verna med omsynssone etter Plan- og bygningslova.

Kommunedelplan for kulturminne

Sveio kommunestyre har i møte 12.10.2015, sak 067/15, godkjent Kulturminneplan for Sveio 2015-2027.

Gå til kommunedelplan for kulturminne

Tilskotsordningar:

www.kulturminnefondet.no

Hordaland fylkeskommune

Viktige kulturminne i Sveio

Einstadbøvoll gard Særprega gardsanlegg som har vore freda sidan 1923. Heile anlegget er bygt opp av stein frå eige hellebrot. Det omfattar mellom anna 18 bygningar, som alle har helletak, og ei rekkje oppmuringar og steingardar.

Foto Ida Kristin Vollum (25).jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Fartein Valen-heimen Heimen til komponisten Fartein Valen (1887 – 1952). Huset er bygt i enkel sveitsarstil av far til komponisten, Arne Valen, i 1903. Huset blir mellom anna brukt i samband med kulturarrangement, og som feriebustad for komponisten sin familie. www.farteinvalen.no.

Valenheimen - Klikk for stort bileteValenheimen Ida Kristin Vollum

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ryvarden fyr Historia til Ryvarden strekkjer seg tilbake til år 869, då den første varden på Ryvardsneset blei bygt. Dette er truleg den eldste kjende varden på kysten vår. Den første fyrlykta blei bygd i 1849. Både bygningane og varden som står på staden i dag er av nyare dato, men historia gjer likevel Ryvarden til eit sentralt kulturminne i Sveio. I dag er fyret eit stort utfartsmål med galleri, kafe og overnattingstilbod. www.ryvarden.no

Ryvarden (Fotograf) - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Kolerakyrkjegardane i Leirvåg og Mølstrevåg Av dei to kolerakyrkjegardane i Sveio er den i Leirvåg best bevart. Kyrkjegarden er kjend som «Kirkegården ved havet» etter ein komposisjon av Fartein Valen. Muren blei restaurert i 2014.

Kolerakyrkjegarden i Leirvåg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bøker og hefte for sal

Sveio kommune har fleire bøker og hefte frå Sveio for sal. Gå til artikkel om bøker og hefte for sal

 

 

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 22.05.2017

Kontakt

Ellen Tveit
Rådgjevar kultur