Tilskotsordningar til kulturvern

Bruvikjo - Klikk for stort bilete  

Tilskotsordningar:

Gjennom kommunen kan ein søkje fylkeskommunale midlar til verneverdige kulturminne, og SMIL-midlar til kulturminne knytt til landbruk. I tillegg finst det ei rekkje offentlege og private støtteordningar for kulturvern og kulturminne. Nedanfor finn du ei oversikt over nokre slike ordningar.

Kommunen kan gje råd i samband med søknadsskriving. Hugs at du òg kan ta kontakt med bygningsvernkonsulenten ved Sunnhordland museum for rådgjeving og hjelp.

SMIL-tilskot
SMIL-ordninga skal mellom anna bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Sveio kommune deler kvart år ut SMIL-midlar mellom anna til kulturminne. Det er berre føretak som har rett på produksjonstilskot som kan søkja. 

Ta kontakt med Plan- og næringsavdelinga i kommunen, eller sjå informasjon og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sin nettstad https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket


Tilskot til verna kulturminne
Hordaland fylkeskommune gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar. Søknadane skal gå gjennom kommunen. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Det kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan, som kurs og formidling.

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 1. november. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer. 

Søknadsskjema og meir informasjon om ordninga finn du her: https://www.hordaland.no/nn-NO/kultur/kulturminnevern-og-museum/tilskot-til-freda-kulturminne-i-privat-eige-kulturmiljo-og-kulturlandskap/

Norsk kulturminnefond
Norsk kulturminnefond gjev tilskot til istandsetjing av alle typar kulturminne. Søknadsfrist er 1. november. 

Kulturminnefondet har også ei tilskotsordning for strakstiltak for sikring av bygg. Her er det ingen søknadsfrist. Les meir på nettsidene til Norsk kulturminnefond

Andre
http://www.kulturarv.no/aksjoner/ta-et-tak-aksjonen
http://www.stiftelsen-uni.no/
www.kulturminnefondet.no
Hordaland fylkeskommune

 

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 12.10.2017