Spelemidlar

 

Generell informasjon:

  • Søknad må fremjast seinast i løpet av søknadsåret etter at anlegget er ferdig.
  • Før det kan søkjast om tilskott til anlegg, må kommunen registrere anlegget i idrettsanleggsregisteret. (kontakt kommunen).
  • Plan for anlegg det kan søkjast om tilskott til, må på førehand vera idrettsfunksjonelt førehandsgodkjent.
  • Frist for å levere søknad til kommunen, blir fastsett av kommunen og annonsert i aviser og på nettsida til kommunen.
  • Anlegg må vera universelt utforma.
  • Anlegg det blir søkt om tilskott til må vera ein del av den kommunale plan for idrett, anlegg og fysisk aktivitet, som vert rullert kvart år.
     

Ordinære anlegg

Med ordinære anlegg meiner ein anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet samt eigenorganisert fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskott til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle) og som ikkje er underlagt fortenestebasert verksemd.
Det kan ikkje søkjast tilskott til drift. Det vert heller ikkje ytt tilskott til laust utstyr. Andre døme på utlegg som det ikkje blir gitt tilskott til er: leige, erverv av grunn, vegar og parkeringsplasser, tilknytingsavgifter, finansieringskostnader med unntak av renter på byggelån i byggeperioden., flytting av høgspentledningar (kablar) eigedomsgjerde og reguleringsarbeid.

Søkjarar om tilskott må ha organisasjonsnummer og anleggseigar plikter å halde anlegget ope for idrettsleg aktivitet i 30 år.

Som hovudregel kan ein søkje om tilskott på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging og/eller rehabilitering av ordinære anlegg.
For fleire anleggstyper er det fastsett særskilte maksimale tilskottsbeløp.

Der ikkje anna er bestemt utgjer kr. 150.000 nedre grense for godkjent kostnad ved utrekning av tilskott. For kart er nedre grense for godkjent kostnad kr. 75.000.

 

Spelemiddelfond

Sveio kommune etablerte i 2004 ordning for forskottering av spelemidlar til større idrettsanlegg. Mange utbyggarar slit med finansiering av anlegg dei ønskjer å realisera. Forskotteringsordninga er eit viktig bidrag for utbyggarar som normalt vil ha store utfordringar  med å forskottere spelemidlane for eigen regning. Det er avsett 2 millionar på forskotteringsfondet kvart år, til bygging av idrettsanlegg som heilt eller delvis blir finansiert gjennom private tilskott, dugnad, rabattar mm. Det er berre anlegg som har fått godkjenning etter gjeldande reglar for spelemidlar det blir forskottert til. For å få førehandsgodkjenning må søknad vera handsama av fylkeskommunen og førehandsgodkjenning må ligge føre.

 

Nærmiljøanlegg

Der ikkje anna er bestemt gjeld dei generelle vilkåra for tildeling av spelemidlar til ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Med nærmiljøanlegg meiner ein utandørs anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet, nært tilknytt by- og/eller aktivitetsområde. Nærmiljøanlegget skal vera fritt, allment tilgjengeleg for eigenorganisert aktivitet, først og fremst for born og ungdom (6-19 år). Nærmiljøet kan unntaksvis nyttast til organisert idrettsleg aktivitet, mein eigenorganisert fysisk aktivitet skal vera prioritert.
Nærmiljøanlegg skal vera utandørs anlegg haldast ope for aktivitet i 20 år frå det er ferdig eller rehabilitert.

Det kan søkjast om tilskott på 50% av godkjent kostnad. Maksimalt tilskott per anleggsenhet er kr. 300.000. Nedre grense for godkjent kostnad er kr. 50.000 (tilskott kr. 25.000)
Grunnlag for tilskott er avgrensa opp til kr. 600.000.

For søknad og regnskap for spelemidlar til ordinære idrettsanlegg og nærmiljøanlegg skal det nyttast digitale skjema.

Skjema og meir utfyllande informasjon – sjå www.idrettsanlegg.no

 

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 03.11.2016

Kontakt

Marit Liknes
Rådgjevar kultur