Velkommen til Sveio kommune

Klikk for stort bilete Ida Kristin Vollum  

Sveio kommune er ei halvøy som grensar mot Sletta og Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Kommunen ligg i Vestland fylke. Den har fastlandsgrense med kommunane Tysvær og Haugesund, som begge ligg i Rogaland fylke.

Hovudferdselsåra på Vestlandet, kyststamvegen E39, går gjennom kommunen. Sveio har om lag 5800 innbyggjarare som bur spreidd over heile kommunen. Kommunen dekker eit areal på 246 kvadratkilometer. 

Turistinformasjon

Turistinformasjonen i Sveio kommune er hos Sveio Libris & Ringo i Sveio senter (Sveio sentrum).
Kontaktinformasjon:   e-post adresse sveio@libris.no,  tlf. 969 13 444.

Landskap

Sør i Sveio er landskapet småkupert og skiftar mellom dyrka mark og store utmarksvidder, lyngheiar, våtmaksområde, skogkledde lier og forblåste knausar.
I nord er det meir fjell og barskog. Her finn du det høgste fjellet i kommunen, Trollavassnipen, som reiser seg 432 m.o.h. Kystlinja er lang med mange pollar og fjordarmar. 22 kvadratkilometer av kommunen er dekka av ferskvatn, fordelt på 282 små og mellomstore vatn. Vigdarvatnet
sør i kommunen er det største vatnet.

Tettstader og bygder

  • Sveio sentrum: Administrasjonssenter, turistkontor, bibliotek, kyrkje, legesenter, tannlege, postkontor, bank, handel, bilverkstad, idrettsanlegg, lokalavis, bustadfelt. golfbane
  • Førde: Daglegvare, legesenter, bilverkstad, byggvarehus, frisør, industri, bobilforretning, Rex Garden (parkanlegg), Strando i Førde (offentleg badestrand), småbåtanlegg
  • Ekrene og Rophus: Bustadfelt, industri
  • Valevåg: Daglegvare, bustadfelt, campingplass, gatekjøkken
  • Auklandshamn: Daglegvare, bustadfelt, offentleg badestrand (Sletto)
  • Bua: Småbåtanlegg med båtutsetjingsrampe, bustadfelt, ferjekai 

Fakta om Sveio

Fylke. Vestland
Flatemål: 246 km2
Kystlinje: ca.100 km.
Befolkning: Sveio kommune har 5798 innbyggjarar (4.kvartal 2020, kilde SSB)
Antal husholdningar: 2266
Avstand til Haugesund sentrum frå Sveio sentrum 18 km / 20 min
Avstand til Stord frå Sveio sentrum 32 km / 30 minuttar