Åsvegen bueining, Avdelingsleiar, fast 100%, saksnr. 19/29

Sveio kommune har ledig stilling som avdelingsleiar 100% fast stilling ved Åsvegen bueining med oppstart innan 01.05.18.

 

Eining Habilitering har fleire bustadar for psykisk utviklingshemma. Me søkjer nå ny avdelingsleiar ved Åsvegen bueining som ligg i Sveio sentrum. Avdelinga har 22 årsverk fordelt på omlag 30 tilsette.


Avdelinga er under omstilling og me treng ein dyktig medarbeidar med brei erfaring i personalleiing og administrasjon. Avdelingsleiar rapporterer direkte til einingsleiar.


Arbeidsoppgåver:
- Personalansvar.

- HMS-ansvar.
- Ansvar for arbeidsplanlegging/bemanning.
- Sikre god og riktig bruk av tenestetilbodet.
- Vidareutvikling av kvalitet og fagligheit i tenesta, i samarbeid med miljøterapeutar og fagteam Habilitering.
- Ansvar for å kvalitetssikra tenesta i tråd med gjeldande lovar, forskrift  og anna regelverk.

Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskuleutdanning.
- Tilleggsutdanning i leiing er ynskjeleg.
- Gode leiareigenskapar og evne til å leie, motivera og utvikla medarbeidarar.

Personlege eigenskapar:
- Deltek i arbeidsplassen sine endringsprosessar.
- Er løysingsorientert, positiv og ser arbeidstakaren.
- Viser interesse, engasjement og ikkje redd for utfordringar.
- Arbeida målretta og sjølvstendig.
- Har god kommunikasjons- og relasjonskompetanse.

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i vurderinga av søkjarar. Organisasjonen er i stadig endring. Den som vert tilsett, må kunne vere fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver og organisatorisk plassering. 

Me tilbyr:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter.
- Trivelege og kompetente kollegaer på alle nivå i organisasjonen.
- God pensjonsordning.
- Lønn etter avtale.

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

Einingsleiar Habilitering Evy Vihovde Kjellevold, telefon 53 74 81 92/ 97 53 00 41

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenterhttps://e-skjema.no/sveio

 


Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00
 

SØKNADSFRIST: 23.01.2019

 

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 09.01.2019