Butiltak psykisk utviklingshemma, Ferievikar saksnr. 19/93

LEDIG STILLING SOM FERIEVIKAR
Eining Habilitering, butiltak psykisk utviklingshemma,
avd Stemhaugen/Straumøy og Åsvegen bueining.

Er du over 18 år og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb. Eining
Habilitering har tre bustadar for psykisk utviklingshemma med ulik grad av
hjelpebehov. Me treng personar som kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide
godt med dei andre som jobbar hos oss. Du må være tolmodig, sjå utfordringane
som spanande og lærerike, og kunne hjelpe til der det er nødvendig. God opplæring
blir gitt.

Me søkjer etter:
• Vernepleiarar eller andre høgskuleutdanna/studentar med relevant utdanning
• Hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar
• Assistentar


Me treng deg i perioden veke 26-33, både på dag, kveld og natt. Det er ein fordel om
du kan jobbe heile perioden, men viktig at du allereie i søknaden beskriv korleis og
kvar du ynskjer å jobbe i sommar.

 

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Sveio kommune kan tilby:
• Variert arbeid i positivt miljø
• God offentleg pensjonsordning
• Tilsetjing på vanlege vilkår.

NB! Det er krav om godkjent politiattest i stillingane

For meir informasjon kontakt:
Avdelingsleiar Stemhaugen / Straumøy Kjersti Jacobsen  53 74 05 33
Einingsleiar Habilitering Evy Vihovde Kjellevold                 53 74 81 92

 

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening

 

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

SØKNADSFRIST: 24.03.2019

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 12.02.2019