Ferievikarar ved Helse- og rehabilitering; Bu, miljø og mestring, saksnr. 20/100

Me har ledige  vikarstillingar for sommarferien,  veke 26 – 33,  22. juni til 16. august.

Ferien er inndelt i 2 puljer, - 4 fortløpande veker kvar.

Me treng vikarar til medlevarstillingar i 100 % stillilng.

Arbeidet er knytta til bufellesskap  med 4 leilighetar, - og gjeld bistand med daglege aktiviteter og rutinar for bebuarane.

Me ønskjer fortrinnsvis søkjarar med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller relevant vidaregåande  fagutdanning.  Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid og/eller rusomsorg er ein fordel. Gyldig politiattest kreves.

Ein må nytta Sveio kommune sitt søknadsskjema, som er å finna på kommunen si nettside. Skriv tydeleg om søknaden gjeld for ein eller begge 4-vekers periodane, og om det gjeld første eller andre pulje.

Dersom du ønskjer fleire opplysningar om desse stillingane, ta kontakt med avdelingsleiar Laila Johannessen (53 74 82 25 / 452 92 008) eller einingsleiar Tore Bøe Olsen (53 74 82 11 / 974 10 814)

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Gå til søknadssenter

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

SØKNADSFRIST: 15.04.2020