Ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut, saksnr. 19/423

Butiltak for funksjonshemma avd. Åsvegen er eit butiltak for brukarar med psykisk utviklingshemming, under eining Habilitering. Her er det 5 brukarar som me gir tenestar til. Me søkar ein ny vernepleiar som vil vere med på å gje våre brukarar gode opplevingar og ein meiningsfylt kvardag. Me arbeider etter metodar frå LEAN og ynskjer oss ein person som motiverast av å  utforska og lære av eiget og andres arbeid.

Me er i en prosess med evaluering og omlegging av våre turnusar. For tida har denne stillinga turnus med langvaktar på 14 timar og arbeid kvar 6. helg. Den som søkar må vere villig til å arbeide kvar 4. helg.

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert vernepleiar. Sykepleiar eller andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan og søkje.
  • Erfaring og kompetanse frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • Erfaring med utfordrande åtferd er ein fordel
  • Tilsetting i stillinga krev tilfredsstillande politiattest i henhald til lovverk

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåver som for tida er lagt til stillinga, er dagleg oppfølging av ein brukar, med mellom anna følgje på arbeidstrening/dagtilbud.
  • Samhandling med pårørande og verge
  • Vernepleiar vil i samarbeid med sykepleiar ha eit overordna ansvar rundt avdelingas medikamenthandtering
  • Fagleg rettleiing av kollegaer
  • Me er ein dynamisk tenesteytar i kontinuerleg endring og arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra, etter som vi ser nye og betre løysingar på avdelinga.

 

Personlege eigenskapar:

  • Me legg vekt på at du evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
  • Fagleg engasjert og oppdatert, med ynskje om å halde seg oppdatert
  • Evne til å gje og ta i mot rettleiing
  • Du må kunna jobbe sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
  • Evne til å arbeide målretta og systematisk

 

Me tilbyr:

  • Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
  • Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %

 

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar: Peer Cato Sjursen, Tlf. 53 74 82 94, peer.cato.sjursen@sveio.kommune.no

Einingsleiar: Evy Kjellevold, Tlf. 53 74 81 92

 

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening   

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

 

SØKNADSFRIST: 20.08.2019

 

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 29.07.2019