Ledige helgestillingar på Sveio Omsorgssenter saksnr. 19/563

Sveio Kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Omsorgssenteret er eit moderne bygg opna i 2010 med flott utsikt over Sveio sentrum. Omsorgssenteret ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.

Omsorgssenteret er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mye godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i avdelinga. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar.

Sjå gjerne på vår Instagramkonto; #SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.

Oppgåver:

Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa med gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem. Me er kobla  mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta. Me bruker multidosesystem i forhold til medisinering.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiar studentar
  • Personlege eigenskapar
  • Godkjent politiattest

 Me ser etter deg som:

  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Initiativrik
  • Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
  • Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Sveio kommune kan tilby:

  • Årsturnus
  • Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
  • Faste sosiale arrangement
  • God offentleg pensjonsordning
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening  

Ledig for tiltreding

For meir informasjon om stilling kan du kontakte:

Einingsleiar Sveio Omsorgssenter Camilla Selbak 53748256 / 95154037

SØKNADSFRIST: 31.08.2019

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 29.07.2019