Støttekontakt / avlastaroppdrag

  • Er du over 18 år?
  • Køyrer du bil?
  • Har du fritid nok ein ettermiddag (eller formiddag)  i veka som kan brukast saman med eit born eller ein vaksen som treng ein støtteperson for å få ei meiningsfylt fritid?
  • Eller kanskje har du eit ledig rom og tid eit døgn eller to i månaden?

Kanskje det er deg me  søkjer etter til  støttekontakt  eller avlastaroppdrag for oss?

Me kjem i tida framover til å oppdatera «støttekontakt- og  avlastarbanken» vår, slik at me kan finna rett person til rett oppdrag.

Me treng til dømes nokon som likar å gå på tur.  Andre aktiviteter kan vera;  å vera saman med dyr, gå på ridning, gå på bading i Tysværtunet, fotballtrening, fotballkamp, å mekka, klatring, kino, kafe, bowling, tur i marka, baka, høyra/spela musikk  osv.

Ta kontakt med oss og fortell oss kva du er interessert i.

Oppdraget er løna etter gjeldande satsar.

Det vert og utbetalt køyregodtgjersle etter eigne satsar.

Me krev politiattest før oppdraget eventuelt tek til.

 For meir informasjon ta kontakt med :
Rådgjevar, Habiltering: Reinert Enerstvedt telefon: 920 23 253 eller
Fagkonsulent, Habilitering:Elin G. Vikse telefon: 941 30 440

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 24.08.2018