Sveio kommune, Lærarstillingar 2019/20 saksnr. 19/56

Det er venta å bli ledige stillingar i grunnskulen i Sveio kommune frå 1.8.2019. Kommunen har vore med i den nasjonale satsinga «språkkommune», og lesing og skriving som grunnleggjande dugleik skal framleis ha stort fokus. For tida deltar kommunen  i den nasjonale satsinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».

Kompetanse:
- Godkjend lærarutdanning. Fordjuping i norsk, matematikk eller engelsk er ønskjeleg. Norsk som andrespråk kan og bli prioritert.
- Gode føresetnadar for og ønskje om å arbeida som kontaktlærar.
- God evne til relasjonsbygging og klasseleiing.
- Ønskjeleg med kompetanse i spesialpedagogikk.


Me tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.


Skular i kommunen:
Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert skule. Informasjon om skulane er å finna på heimesidene til kommunen eller kan gjevast av rektor ved kvar skule:


- Auklandshamn skule: 1.-7.trinn.
  Telefon: 53 74 83 60.

- Førde skule: 1.-7. trinn, velkomstklasse for minoritetspråklege elevar og vaksenopplæring      
  Telefon: 53 74 83 30.

- Sveio skule: 1.-10. trinn og avdeling for barn med særskilte behov.       
  Telefon: 53 74 83 00.                         

- Valestrand oppvekstsenter: 1.–7.trinn og barnehage                               
  Telefon: 53 74 83 80.
- Vikse skule: 1.-7. trinn.                  
  Telefon: 53 74 83 70.

Fagleg fordjuping i utdanninga må gå klart fram av søknaden.
Gyldig politiattest i samsvar med opplæringslova § 10-9 må leggjast fram ved tilsetjing.

 

Det skal søkjast på elektronisk søknadsskjema.

 

Gå til søknadssenter

 

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

 

 

SØKNADSFRIST: 01.03.2019

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 21.01.2019