Sveio kommune, Lærling barne- og ungdomsarbeidarfaget saksnr. 19/27

Sveio kommune er i sterk vekst og ligg strategisk til i ein sterk region, mellom Haugesund og Stord. Kommunen ligg høgt på attraktivitetsbarometeret i Hordaland. Kommunen har fokus på utvikling og er oppteken av at Sveio skal vera ein god kommune å bu i. Kommunen har tre barnehagar og fem skular.

 


Sveio kommune har ledig lærlingplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå 01.07.19.

Krav til kompetanse:
Du bør ha bestått VG1 og VG2 (eller er ferdig med dette juni 2019).

Me ser etter deg som:
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Intiativrik.
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig.
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Er ein god kollega og søker kunnskap hos din veileder.

Sveio kommune kan tilby:
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
- Gode mogelegheiter for fagleg og personlig utvikling.
- Fagleg leiarar og instruktørar med brei fagkunnskap og erfaring med å rettleie lærlingar.

Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk.
Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Ønskjer du nærare opplysingar om stillinga kan du kontakta:
Jan Andre Endresen, telefon 53 74 80 23, e-post: jan.andre.endresen@sveio.kommune.no 


Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenterwww.sveio.kommune.no/selvbetjening


Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00
 

 

SØKNADSFRIST: 01.03.2019

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 09.01.2019