Sveio kommune, Lærling helsearbeidarfaget, saksnr. 19/26

Sveio kommune er i sterk vekst og ligg strategisk til i ein sterk region, mellom Haugesund og Stord. Kommunen ligg høgt på attraktivitetsbarometeret i Hordaland. Kommunen har fokus på utvikling og er oppteken av at Sveio skal vera ein god kommune å bu i.

Sveio kommune har ledig lærlingplass i helsearbeidarfaget frå 01.07.19.

 

Krav til kompetanse:

Du bør ha bestått VG1 og VG2 (eller er ferdig med dette juni 2019).

 

Me ser etter deg som:

- Er fleksibel og løysingsorientert

- Intiativrik

- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig

- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.

- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

- Er ein god kollega og søker kunnskap hos din veileder

 

Sveio kommune kan tilby:

- Etisk refleksjon i grupper.

- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.

- Gode muligheter for fagleg og personlig utvikling.

- Faste sosiale arrangement.

- Fagleg leiar og instruktørar med brei fagkunnskap og erfaring med å rettleie lærlingar.

 

Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk.

Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

 

Ønskjer du nærare opplysingar om stillinga kan du kontakta:

Jan Andre Endresen, telefon 53 74 80 23, e-post: jan.andre.endresen@sveio.kommune.no

 

 

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter

www.sveio.kommune.no/selvbetjening

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

 

SØKNADSFRIST: 01.03.2019

 

 

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 09.01.2019