Sveio Omsorgssenter og Heimetenesta treng ferievikarar for sommaren 2020, saksnr. 20/101

Heimetenesta og Sveio Omsorgssenter søkjar etter ferievikarar for sommaren 2020. Sveio kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Me ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord .

Arbeidsplassane er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mye godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i avdelinga. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.

Vi søkjer etter:

· Sjuke- og vernepleiarar

· Studentar/ elevar innan sjukepleie/ vernepleiehelsefag

· Hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar

· Assistentar

Søkjarar bør vere over 18 år, og de må spesifisere kva periode de kan arbeide. Søkjarar som kan jobbe heile perioden(veke 26-33) i ferieavviklinga vil bli prioritert fyst.

Skriv kva avdeling de ynskjer å jobbe i , i prioritert rekkefylgje.

Søkjarar til Heimetenesta må opplyse i søknaden om de har gyldig sertifikat for manuelt gir.

Kommunen har eigne bilar til bruk i heimesjukepleietenesta.

Må ha godkjent politiattest.

Kontaktperson:

Heimesjukepleie: Hildegunn Lindaas, telefon 53 74 82 51

Sveio Omsorgssenter: Camilla Selbak, telefon 53 74 82 56

Lønsvilkår:
Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Sveio kommune kan tilby:

· Variert arbeid i positivt miljø

· God offentleg pensjonsordning

· Tilsetjing på vanlege vilkår.

Sveio Heimeteneste har moglegheit for å tilby nyutdanna sjukepleiarar vikariat av lengre varigheit etter sommaravviklinga.

Søknadene blir vurderte etter kvart som de kjem inn og aktuelle kandidatar blir da kontakta.

Gå til søknadssenter

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

SØKNADSFRIST: 31.03.2020 (Tilsetting skjer fortløpande)

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 28.01.2020