Sveio omsorgssenter og heimeteneste, ferievikarar for sommaren 2019, saksnr. 19/68

Heimetenesta og Sveio Omsorgssenter søkjar etter ferievikarar for sommaren 2019. Sveio kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Me ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord .

Arbeidsplassane er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mye godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i avdelinga. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.

 

Me søkjer etter:

· Sjuke- og vernepleiarar

· Studentar/ elevar innan sjukepleie/ helsefag

· Hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar

· Assistentar

Søkjarar bør vere over 18 år, og de må spesifisere kva periode de kan arbeide. Søkjarar som kan jobbe heile perioden(veke 26-33) i ferieavviklinga vil bli prioritert fyst.

Skriv kva avdeling de ynskjer å jobbe i , i prioritert rekkefylgje.

Søkjarar som disponerer bil/ moped bør opplyse om dette i søknaden, då dei som skal

arbeide innan heimehjelpa kan ha behov for bil/moped. Køyregodtgjersle vert utbetalt i

samsvar med gjeldande reglement.

Kommunen har eigne bilar til bruk i heimesjukepleietenesta. Søkjarar her må ha sertifikat.

Må ha godkjent politiattest.

 

Kontaktperson:

Heimehjelp/heimesjukepleie: Mariann H. Aasland, telefon 53 74 82 51

Sveio Omsorgssenter: Camilla Selbak, telefon 53 74 82 82 30

 

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk

 

Sveio kommune kan tilby:

· Variert arbeid i positivt miljø

· God offentleg pensjonsordning

· Tilsetjing på vanlege vilkår.

Søknadene blir vurderte etter kvart som de kjem inn og aktuelle kandidatar blir da kontakta.

 

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter

https://www.sveio.kommune.no/selvbetjening/

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio

kommune. Tlf: 53 74 80 00

 

SØKNADSFRIST:  Frist 31.03.2019 (Tilsetting skjer fortløpande)

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 21.02.2019