Sveio omsorgssenter, Sjukepleiar saksnr. 19/14

Det er ledig 100% fast stilling som sjukepleiar på Sveio Omsorgssenter.

Sveio Kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Stillingane ligg på Omsorgssenteret som er eit moderne bygg opna i 2010 med flott utsikt over Sveio sentrum. Omsorgssenteret ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.


Omsorgssenteret er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mye godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i avdelingane. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar. Stillinga er nyoppretta som følgje av eit prosjekt i høve å betre organisering av vikarbruk. Stillinga er med på å auke grunnbemanninga og sikre ei stabil bemanning til beste for både pasientar og tilsette. Stillinga er del av prosjektet, men er ei fast stilling.

Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.

Oppgåver: 
Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa med gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem. Me er kobla  mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta. Me bruker multidosesystem i forhold til medisinering. Sjukepleiar ansvar for medisinfaglege oppgåver, og er ein pådrivar for å legge til rett og bidra til at brukerane skal oppleva trygghet og mestring.


Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Personlege eigenskapar
- Godkjent politiattest
- Sertifikat

Me ser etter deg som:
- Ser det som spanande å arbeide på 3 avdelingar (42 pasientar totalt).
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Initiativrik
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer).

Sveio kommune kan tilby:
- Etisk refleksjon i grupper
- Årsturnus
- Faste fagmøter for sjukepleiarane i eininga
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
- Faste sosiale arrangement
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.


For meir informasjon om stilling kan du kontakte:
Einingsleiar Sveio Omsorgssenter Camilla Selbak 53748256 / 95154037


Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter

Gå til søknadssenter

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00

 

SØKNADSFRIST: 31.01.2019

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 04.01.2019