Informasjon frå diverse møter

Sauer - Klikk for stort bilete

Vassmiljøarbeid i Vigdarvassdraget

Landbruksprosjektet i vassdraget er ferdig og rapport er laga. Kommunen sin rapport, Rogaland landbruksrådgiving sin rapport og ymse skriv som gjeld møte, markdag og anna er med under her. På grunnlag av to seriar med vassprøvar tekne i 2018 i innlaupsbekkar til Vigdarvatnet, har NIVA laga notat som er eitt av vedlegga.

Vedlegg

 

Presentasjonar frå møte om hevd 5. mars 2019

Det var godt oppmøte med om lag 30 frammøtte på dette møtet om eit viktig emne for alle husdyrbønder. Det er to månader sidan møtet og det meste av hevda er nok ute i denne omgang. Men emnet er like aktuelt heile tida i husdyrbruket.

Me har vore heldige å få med oss to unge tilsette i Norsk landbruksrådgiving Rogaland til å arbeida med emnet hevd i kommunen, med særleg vekt på bruken i nedslagsfeltet til Vigdarvatnet. Her er deira presentasjonar frå møtet, og to presentasjonar frå tilsette i kommunen.

Vedlegg


Informasjon frå møte med Sveio sau og geit, Mattilsynet 22.05.18

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 11.11.2019