Miljø

Forureining

Miljø

Forureining generelt

Alle har ei generell plikt til å unngå forureining, jf. forureiningslova § 7.

Kommunen har mynde til å gi pålegg om opprydding til den ansvarlege for ulovleg forureining. I større og meir alvorlege saker er det Fylkesmannen som er har dette myndet.

Forureiningslova § 28:’’Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet’’.

Om ein ser forureining/søppel på plassar dette ikkje høyrer heime skal dette varslast skriftleg til Sveio kommune, anten per brev eller e-post. Postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no

Akutt forureining

Ved akutt forureining (oljeutslepp, kjemikaliar mm.) eller fare for akutt forureining skal brannvesenet varslast på tlf. 110. Hendinga blir då varsla vidare i samsvar med til varslingsplan for aktuell hending.

Ansvarlege for akutt forureining eller andre som oppdagar slik forureining bør gi beskjed så snart som mogleg. Skadevoldar er ansvarleg for alle utgifter knytt til aksjonar mot akutt forureining.
 
Forureiningslova § 38 definerer akutt forureining som "Forurensing av betydning som inntrer plutselig og som ikke tillates etter bestemmelser i eller i medhold av forurensingsloven".

Nedgravne oljetankar

Det er vedteke at frå 2020 er det forbode og bruke olje og parafin som oppvarmingskjelde i bustader, offentlege bygg og næringsbygg.

Det er eit stort ansvar å ha oljetank/parafintank. Som eigar av tank i dag, er du gjennom forureiningslova ansvarleg for opprydding ved eventuell lekkasje frå tanken, og at oljetankar som blir tekne ut av bruk skal fjernast/sanerast etter alminneleg aksepterte metodar.

Ein olje- eller parafintank har ei avgrensa levetid, og dei fleste tankane med tilhøyrande røyrinstallasjonar må skiftast etter maksimalt 30 år.. Om det skulle oppstå lekkasje på tank eller røyrsystem, uavhenging av storleik på tanken, er det eigar som må ta kostnaden med å få fjerna olja og oljeforureina massar. Kostnadene kan bli store, og forsikringsselskap er særs restriktive med å utbetale skadeerstatning. Dette vil og gjelda for skade påført naboeigedom.

Kva skal du som har ein nedgraven oljetank på eigedommen gjera? 

Oljetanken må tømmast, reingjerast og leverast til godkjent mottak. Hugs at påfyllings- og lufterøyret skal fjernast saman med tanken eller sikrast slik at ein unngår påfylling.

Ta kontakt med godkjent firma som kan stå for tøming og reingjering. Sjølv om tanken er ‘’brent rein’’ vil det vera oljerestar i tanken. Avfall frå tanken skal leverast til godkjent avfallsmottak.

Meld i frå til kommunen når tanken er sanert. Merk meldinga med gards- og bruksnummer. Dei som utfører jobben lagar ferdigmelding som kan sendast til kommunen.

Må tanken gravast opp?

Oppgraving vil normalt gi størst sikkerheit for å avdekka moglege lekkasjar og forureining frå tanken. For tankar som ligg vanskeleg til kan tøming, reingjering og igjenfylling vera ei akseptabel løysing.

Sveio kommune har inga lokal forskrift som gjeld nedgravne oljetankar, men kommunen er forureiningsmynde for desse. Det må derfor sendast inn melding til kommunen med dokumentasjon på at tanken er tømd og reingjort for olje på same måte som ein gjer ved fjerning av oljetank.

Har Sveio kommune ei støtteordning for sanering av nedgravne oljetankar ?

Nei, kommunen har ikkje noko støtteordning for dette. Ein kan undersøkja med Enova om ein kan få stønad igjennom deira program. Merk at ein må søkja før ei sanering finn stad.

www.enova.no/

Kven kan gjera jobben?

Firma som står for sanering av oljetank må ha nødvendig og relevant kompetanse til å utføra arbeidet. Olje og parafin er farleg avfall og skal leverast til godkjent mottak, og mannskap og kjøretøy skal vera godkjent til å frakta farleg gods.

Meir informasjon om sanering av oljetankar kan ein lesa om på denne nettstaden: www.oljefri.no

 

Miljøsertifisering

Miljøsertifisering

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ei miljøsertifiseringsordning som er berekna på verksemder i offentleg og privat sektor. Verksemda må innfri generelle krav og spesielle bransjekrav innan avfall, energi, transport, innkjøp, og arbeidsmiljø for å få Miljøfyrtårn-sertifikatet. Miljøsertifiseringa skal hjelpa verksemder å driva miljøvennleg og lønnsamt.

Du kan lesa meir om Miljøfyrtårn på www.miljofyrtarn.no

  

Kontaktperson. Åshild Irene Lie

 

Energi og klima

Energi og klimaplanen for Sveio kommune blei vidareført i 2017.

Vassforvaltningsarbeid

Gjennomføring av vassforskrifta er den norske innføringa av EU sitt vassdirektiv. Føremålet er å ta vare på og forbetra miljøstaden i alt ferskvatn, kystvatn og grunnvatn.