Næringsutvikling

Klikk for stort bileteEkrene næringsområde  

Sveio ligg midt i ein stor region som er samansett av Sunnhordland og Haugalandet, og midt mellom byane Bergen og Stavanger. Hovudferdselsårene på sjø og på land langs kysten går gjennom kommunen vår. Den sentrale plasseringa gjer at det ligg særs godt til rette for utvikling av næringslivet kommunen.

Sveio kommune har for sal næringstomter på Ekrene næringsområde. Er du interessert i næringstomt, kan du ta kontakt med Kenneth Tollefsen i Sveio kommune, tlf. 53 74 80 40 / 416 62 644

Atheno

Sveio kommune samarbeider med Atheno om næringsuvikling.

Atheno arbeider blant anna med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i virkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving. Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til forretningsutvikling for di bedrift.

Kontaktinformasjon: atheno.no/kontakt-oss/