Kunnskapsprøve om alkoholloven

I Sveio kommune kan du avlegga kunnskapsprøve i alkoholloven. Ta kontakt med Servicekontoret for å avtala prøvetidspunkt og dersom du har spørsmål.

Praktisk informasjon

Det er ulik kunnskapsprøve for salsløyve og skjenkeløyve. Prøvem kan berre avleggast elektronisk. Du kan velja om du vil ha bokmål eller nynorsk. Du har kun høve til å bruka ordbøker som hjelpemiddel, f.eks. norsk/engelsk-ordbok.

Kunnskapsprøven i alkoholloven er ein fleirvalsprøve. Til kvart spørsmål får du fleire svaralternativ, der berre eitt alternativ er riktig svar på spørsmålet. Du skal kryssa av det svaret du meiner er korrekt.

Du får 60 minuttar til å svare på prøven. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vera rette. Alle som består vil få diplom som bevis på bestått prøve.

Det må framvisast gyldig legitimasjon før du avlegg prøven, og gebyret for å ta prøven er kr 400,–.

Læremateriell, testprøvar og nettseminar for kunnskapsprøven er tilgjengeleg på www.vinn.no.  

Innhald

Ved prøve for skjenkeløyve må du i hovudsak ha kunnskapar om innhaldet i føresegnene i alkoholloven sine kapittel: 1, 4, 5, 7–9, samt alkoholforskrifta (forskrift av 8. juni 2005 nr. 538) kap. 1, 2, 4, 5, 6, 9–11 og 14.

Ved prøve for salsløyve må du ha kunnskapar om innhaldet i føresegnene i alkoholloven sine kapittel: 1, 3 og 7–9 samt alkoholforskrifta kap. 1–3, 5, 6, 9–11 og 14.

Alkoholloven og alkoholforskrifta finn du på Lovdata.

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart