Støtte til enøktiltak

Privatpersonar og verksemder i Sveio kommune kan no søka om kommunalt tilskot til enøktiltak. Søknadsfristen (siste søknadsdag) er tysdag 31. januar 2023.

I møte 12. desember fatta kommunestyret vedtak om innføring av ei tilskotsordning for enøktiltak. Det er sett av inntil 500 000 kroner til ordninga. 

Utforming av ordninga

Tilskot kan bli gitt for følgande tiltak:

  • Isolering av yttertak og tak mot kaldt loft
  • Isolering av golv mot grunn, kald kjellar e.l.
  • Isolering av yttervegg
  • Skifte av vindauge og glasdører (3-lags glas eller 2-lags glas med tilsvarande god U-verdi).
  • Utskifting av vedomn til reintbrennande vedomn eller pelletsomn
  • Luft til luft-varmepumpe.
  • Luft til væske-varmepumpe

Viktig presisering – når må tiltaket bli utført? 

Ordninga gjeld enøktiltak innførte i fjor (2022) eller som ein har fått inn eit tilbod/overslag på frå handverkar/leverandør innan søknadsfristen 31. januar 2023. Sjølve tiltaket kan utførast seinare i 2023, og støtte blir utbetalt når faktura blir levert inn. 

Størrelse på tilskotet

Tilskot blir fordelt likt mellom alle søkarar som oppfyller vilkåra, men slik at maksimalt 25 % av kostanden for den enkelte søkar blir dekka. Kr 100 000,– av den samla summen sett av til støtte er reservert for installering av varmepumpe til personar med vedvarande låg inntekt (kr 400 000,– eller mindre i brutto årsinntekt for husstanden).  

Vilkår

Det er eit vilkår at søkar er ei privat verksemd med organisasjonsnummer registrert i Brønnøysundregistera og med registrert forretningsadresse i Sveio kommune eller ein privatperson folkeregistrerte i Sveio kommune. Tiltaka må vera innførte i bygningar med adresse i Sveio kommune.

Vilkåra i sin heilskap kjem fram av forskrift om kommunal straumstøtteordning og enøktiltak, sjå lenke under "Relevante dokument". 

Søknad

Søknadar må sendast inn via eit eige søknadsskjema:

Søknadsfrist har gått ut. 

Relevante dokument

Forskrift om kommunal straumstøtteordning og enøktiltak (PDF, 167 kB) 

Sak KOM-111/22 Kommunale straumstøtteordningar (PDF, 6 MB)

Spørsmål?

Spørsmål til ordninga generelt, saksbehandling og søknadsskjema kan rettast til jurist Bjarte Stølås Storli på e-post eller telefon 53 74 80 11.