Straumstøtte til næringslivet

Kommunestyret har vedtatt å opna for ein ny søknadsrunde for kommunalt straumtilskot til verksemder. Søknadsfristen (siste søknadsdag) er søndag 21. mai 2023.

I møte 12. desember fatta kommunestyret vedtak om innføring av ei straumstøtteordning for næringslivet. I møte 17. april fatta kommunestyret vedtak om å utlysa midlane på nytt, men med same føresetnadar som førre søknadsrunde.

Det er sett av inntil to millionar kroner til ordninga, som har som formål å bidra til at Sveio kommune – trass historisk høge straumprisar – framleis har eit rikt og variert næringsliv, ved å hindra at elles berekraftige verksemder i Sveio kommune får store økonomiske problem som følge av dagens straumprisar.

Utforming av ordninga

Støtta blir gitt i form av eit rente- og avdragsfritt lån, som blir gjort om til tilskot ved innlevering av endeleg rekneskap for 2022. Føresetnaden for at lånet blir gjort om til tilskot er at verksemda endar med underskot i 2022, eller at overskotet blir lågare enn kva straumstøtta vil utgjera. Viser rekneskapen eit overskot som overstig støtta, må lånet tilbakebetalast etter nærmare bestemte vilkår.  

Størrelsen på støtta utgjer 60 % av differansen mellom straumkostnadar i perioden januar–september 2021 og januar–september 2023. Med straumkostnadar meiner ein her ekskludert nettleiga. 

Støtta er avgrensa til maks. kr 200 000,– pr. søkar. 

Vilkår

Det er eit vilkår at verksemder som søker har hatt straumkostnadar på minimum kr 50 000,– i perioden januar–september 2022. (Her reknar ein med nettleige.) Samstundes må verksemda vera hovudinntektskjelda til minst éin person (anten i eigenskap av å vera eigar eller tilsett), og verksemda må dekka sine eigne straumkostnadar. Datterselskap som får straum dekka av morselskapet er dermed ikkje aktuelle for ordninga. 

Visse verksemder er unntatt ordninga, som f.eks. hobbyprega verksemder, kraftkrevjande industri og finansforetak. Verksemder innan butikkhandel, tenesteyting og servering vil bli prioriterte.

Vilkåra i sin heilskap kjem fram av forskrift om kommunal straumstøtteordning og enøktiltak, sjå lenke under "Relevante dokument". 

Søknad

Søknadar må sendast inn via eit eige søknadsskjema:

Søknadsskjema

Kopi av fakturaar for perioden januar–september 2021 og januar–september 2022, samt førebels rekneskap for 2022, må leggast ved den elektroniske søknaden, eller dokumentasjonen kan leverast i Servicekontoret eller sendast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no. (Merk i så fall e-posten "Vedlegg til søknad om kommunal straumstøtte"). 

All dokumentasjon (fakturaar og førebels rekneskap) må vera bekrefta av rekneskapsførar eller revisor. 

Relevante dokument

Forskrift om kommunal straumstøtteordning og enøktiltak (PDF, 170 kB) 

Sak KOM-111/22 Kommunale straumstøtteordningar (PDF, 6 MB)

Sak KOM-036/23 Straumstøtte til næringslivet – Ny utlysingsrunde (PDF, 234 kB)

Spørsmål?

Spørsmål til ordninga generelt, saksbehandling og søknadsskjema kan rettast til jurist Bjarte Stølås Storli på e-post eller telefon 53 74 80 11. 

Kontaktinfo

Bjarte Stølås Storli
jurist

E-post
Tlf.: 53 74 80 11