Viltforvaltning

Påkøyrsle av storvilt

Det å køyra på storvilt er ei hending som kan vera skremmande. Ofte kjem dyret kjem frå" ingenstad» med følgje for skade på både dyr og bil. Det er krav til medtrafikkantar å hjelpe.

Så langt i 2022 er det registrert 26 viltpåkøyrsler i kommunen vår. Dette utgjer i snitt 2,6 registrerte påkøyrsler kvar månad. Utover dette er det truleg også  mørketal som ikkje blir registrert.  Heldigvis har ikkje personar kome til skade ved slike uhell i kommunen vår.

Ved påkøyrsle er det viktig å merka staden der uhellet har vore ute, t.d. plastpose eller anna som syner godt ved vegkanten. I tillegg må ein gje informasjon kor dyret er påkøyrt, dvs namn på staden. Me minner også om at det er plikt å melde frå om påkøyrt dyr.

Korleis følgje opp ved viltpåkøyring?

Meld fra til politiet på 02800 viss du køyrer på eit dyr eller kjem i ein situasjon der dyr er komne til skade.

Du skal straks stanse og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til.

Følg denne sjekklista:

  1. Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gi førstehjelp.
  2. Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  3. Ring Politiet på 02800 og meld fra om påkøyringa.

Har du kasko på bilen og du har fått skade på den i samanstøtet med storvilt, får du dekka reperasjonen utan eigendel. Vilkår: at du har varsla politi om påkøyrsla. Viltforvaltninga vil gje stadfesting, at påkøyrsla har funne stad.

Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.

Merk påkøyringsstad - dette for å kunne spore skadde dyr. Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøkshunden sitt arbeid.

Plikter ved trafikkuhell: Vegtrafikklova  § 12

Hjelpeplikt: Dyrevelferdslova § 4

Ettersøk etter skada vilt i kommunen: Tlf 41 76 31 37 

Ansvarlege styresmakter ved påkøyring av vilt på veg

Kommunen sitt ettersøksarbeid

Alle som utfører fallviltarbeid skal ha nødvendig kompetanse og forsikringar knytte til arbeidet. Kommunen har ansvar for å teikne nødvendig forsikring dersom ettersøkspersonell er tilsette i kommunen.

Arbeidsvarslingsskurs og arbeidsvarslingsplanar er pålagt frå Statens vegvesen. Kommunen kan overlate den praktiske utførelsen av ettersøksarbeidet til andre.

Kommunen skal bruke hundekvipasjar som er registrerte i ettersøkshundregisteret  godkjent for offentleg ettersøk.

Kommunen har varslingsplikt til Mattilsynet, slik at påkøyrt hjortevilt som er 12 månader eller eldre kan testast for skrantesjuke. Varslingsplikta er oppfylt dersom kommunen sjølv tar skrantesjukeprøvar. 

Uttak av prøvar for a teste dyr for skrantesjuke er ikkje ein jobb vegentreprenørane eller BaneNOR normalt tek på seg.

Informasjon om storviltjakta 2024

 Jakta nærmer seg, og me vil leggje ut inforasjon om jakttider og løyvetildeling for hjort- og rådyr.

Sveio kommune sendte ut løyve breva til valdansvarlege den 13. juni 2024. (Kommunane har frist til å sende ut løyvebreva innan 15. juni.

Kommunen sin vurdering og framlegg for tildeling av løyve blir gjort ut frå innspel frå valda, vårteljing av hjort frå bil og ikkje minst jaktrettshavarane (grunneigar) sine innspel i høve beiteskade på jordbruksareal. Vidare vurderer også kommunen tettleik av storvilt i dei ulike deler av kommunen. 

Kommunen har fått innspel frå Indre Ålfjorden Hjorteviltlag, at dei vil freda koller pga lite dyr i deira område. 

I område i/og rundt Emberlandsnipen og Valestrand har me ein tettleik av særskilt hjort, i dei områda legg me opp til større uttak av hjort, der me også gjev fleire løyve på produksjonsdyr (hodyr) i vald som har målretta avskyting.

Me har to storvald i kommunen, dei styrer uttak sjølve i høve utarbeida driftsplan, som er godkjent av kommunen. Dette gjeld valda; Indre Ålfjorden hjorteviltlag og Førdespollen hjortevald. 

Ved årets jakt er det delt ut samla 323 løyve for hjort, dette er ein reduksjon på 25 løyve i høve jaktåret 2023. Noko av grunnen for reduksjon av løyve for år 2024, er fellingsresulat frå jaktåret 2023.

Fordeling av løyve til målavretta avskyting viser slik fordeling;

KalvSpissbukkVaksen bukkKolleTotalt
44682845189 dyr

 I tillegg har storvalda; Førdespollen hjortevald: 68 dyr og Indre Ålfjorden 70 dyr.

Samla løyve i kommunen blir såleis: 323 dyr.

Jaktbart areal i kommunen er omlag 210.000 daa, dette utgjer omlag 94% av alt landareal i kommunen (224.000 daa).  Forvaltninga er godt nøgd at så mykje av arealet til kommunen blir nytta til storviltjakt. 

I Sveio er minstearealet 750 daa pr. løyve. Kommunen har nytta aktivt 50% regelen i fleire år i område med mykje dyr. Dvs ein kan fråvika minstearealet med inntil 50% (375 daa/1500da).

Snitt areal pr løyve ligg på omlag 650 daa i kommunen vår.

Det er ikkje opna for fri jakt på kalv dette året heller. Forvaltninga har vurdert at valdstrukturen me har i kommunen, at uttak av kalv er lite ønskjeleg. I staden har forvaltninga auka uttak av hodyr i områder med større bestand, og aktivit nytta 50% regelen.

Ein vil halda fram dette året å ta ut skrapdyr. Dvs er kalv under 15 kg, og ungdyr under 35 kg vil desse bli rekna som skrapdyr. Desse dyra vil ikkje gå utover tildelte dyr i valdet. Sameeins gjeld sjuke og skada dyr, som blir felt.  Slike dyr meldast inn til kommunen, der dyra skal kontrollvegast, og vurderast: Dette skal gjerast inn 24 timer etter at dyret er felt. på tlf 53748056/53748055, eller pr. epost; dagfinn.bjorge@sveio.kommune.no

For rådyr er det gjeve 225 løyve, og i tillegg kjem kvotefri jakt i storvalda Førdespollen og Indre Ålfjorden, dei styrer uttak sjølve.  Me ønskjer rådyrstamma til å vera så låg som mogleg.

Me gjer alle merksam på at ein skal vita kor yttergrensene er i valda.

Jakttider

Hjort: 01.09 - 23.12. 24

Bukkejakt, rådyr: 10.08 - 23.12.24

Rådyr elles: 25.09 - 23.12.24   

Digitale valdkart

Gå til digitale valdkart som viser dei ymse valda i kommunen. Klikk to gongar på "Avbryt" for å gå til kart.

Ved å trykke på linken, kan de få oversikt over dei ulike valda i kommunen. Inne i same kart kan ein leggje inn fallvilt, sett hjort mm. Viltforvaltninga håpar dette kartet blir brukt. Kartmaterialet vil me prøve å halde ajour til ei kvar tid. Det vil då vere viktig at jaktrettshavarar, jegerar blir med på å halde dette ajour ved å melde inn endringar i areal eller vald.

Endring av vald:

Ved endring i valdet, t.d. det blir lagt til nye eigedomar  eller at eigedomar trekker seg ut av eit vald, er fristen utsett til 1.mai, på grunn av koronasituasjonen.

Godkjenning av nytt vald er utsett til 20.mai.

Gå til informasjon om storviltjakt på miljødiretoratet sine nettsider.

Gå til forskrift for forvaltning av hjortevilt på Lovdata sine nettsider.

Hjorteviltregisteret

På nettsida til hjorteviltregisteret  kan de sjå kva fellingsresultat er i vår kommune og landet forøvrig.
Gå til hjorteviltregisteret

Fellingsløyve hjort- og rådyr jaktsesongen 2023

Jegerprøven

Sveio jeger-, fiske- og naturvernforening har ansvaret for jegerprøven i Sveio. Det er kommunen som for tida har ansvar for jegereksamen. Viltnemnda har gjort vedtak om å gje stønad til unge jegerar som har teke prøven og greidd eksamen. Dei som kjem under ordninga, er kandidatar som blir 23 år i kalenderåret og at dei har fast bustadadresse i kommunen. For meir informasjon om ordninga ta kontakt med viltforvaltninga.

Jakttider

Jakttider for småvilt og storvilt finn de på nettsidene til miljødirektoratet

Minsteareal for storviltjakt

Minsteareal i Sveio kommune er 750 daa for storviltjakt

Div informasjon om freda vilt og andre observasjonar av vilt

Viltforvaltninga får til tider inn melding om observasjonar om m.a. gaupe i kommunen. Me vil framleis oppmode at de melder inn slike og eventuell andre observasjonar om t.d. skada vilt eller daudt vilt. Alt freda vilt som er skada eller daudt skal meldast til kommunen.

Skotpremie - ny ordning for utbetaling

I Sveio kommune blir det gje-ve rovdyrpremie (Skotpremie) på rev og mink. For rev utgjer skotpremien kr. 350 for vaksne dyr. For vaksen mink er det kr. 100.
I tillegg har Sveio sau og geit gjeve inntil kr. 200 i tilskot til rev, det er deira årsmøte som eventuelt sett av midlar.
Me minnar også på at det er fredningstid for alt vilt.

For å få utbetalt rovdyrpremie, må ein levere rev/mink til Leitevegen 16 (brannstasjonen i Sveio) på følgjande datoar:

Første måndag i februar: 13.30-15.30
Første måndag i april: 13.30-15.30
Første måndag i september: 13.30-15.30
Første måndag i desember: 13.30-15.30

Dagfinn Bjørge vil vera på brannstajonen desse dagar og ta i mot viltet.

Kvotefri jakt på hjortekalv 2023 - dispensasjon fra hjorteviltforskriftens § 18  (PDF, 563 kB)

Kontaktinfo

Servicekontoret
Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Kontaktperson viltforvaltning
Dagfinn Bjørge
Send e-post
Telefon kontor: 53 74 80 56
Mobil: 48 15 70 77