Tilskotsordningar

Produksjonstilskot

Dette kan kallast basistilskotet i jordbruket. Alle som driv med vanleg jordbruksproduksjon og har dyr eller sel planteproduksjon, kan søkja. Den som søkjer må ha registrert næringsføretak. Føretaket må vera kopla til landbrukseigedom i landbruksregisteret. Nye søkjarar må ta kontakt med kommunen i god tid før søknadsfrist for å få produksjonsnummer og for å få kopla føretak (organisasjonsnummer) med landbrukseigedom. Søknad skjer elektronisk i Altinn. Meir opplysningar på Landbruksdirektoratet sin nettstad

TIlskot frå regionalt miljøprogram (RMP)

Den som kan søkja om produksjonstilskot, kan òg søkja om RMP-tilskot. Dette er regionalt tilskot med eigne reglar for kvart fylke. Det er «grønt tilskot» for å støtta og fremja miljøinnsatsen ved jordbruksdrift. I RMP er det mange delordningar. Det er elektronisk søknadsskjema. Meir opplysningar på Fylkesmannen i Hordaland sin nettstad

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Dette kan kallast investeringsmidlar til tiltak som fremjer natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, og til å redusera forureining frå jordbruket ut over vanleg jordbruksdrift. Kommunen har eigen såkalla tiltaksstrategi for bruk av midlane: (merknad: link til dokumentet) Meir opplysningar og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Drenering/grøfting

Det kan gjevast tilskot til drenering av tidlegare drenert jord. Meir opplysningar og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Velferdsordningar i jordbruket

Dette er tilskot til avløysing ved ferie og fritid, avløysing ved sjukdom, og tidlegpensjon. Meir opplysningar på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Investeringar og utviklingsprosjekt

Innovasjon Norge kan løyva tilskot ved bygging av driftsbygningar i jordbruket og til andre investeringstiltak på gardsbruk. Dei kan òg yta lån. Ved etablering av tilleggsnæringar kan det løyvast tilskot til idéavklaring, etablering, utvikling og investeringar. Slik bedriftsretta støtte vert kalla midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU). Meir opplysningar på Innovasjon Norge sin nettstad

I tillegg har Fylkesmannen midlar til prosjekt som gjeld utgreiing og tilrettelegging (UTM). Meir opplysningar på Fylkesmannen sin nettstad

Fylkeskommunen har litt midlar som gjeld rekruttering, likestilling, etterutdanning og kompetanseheving i landbruks- og matsektoren (Rull-midlar): Sjå Hordaland fylkeskommune sin nettstad

Felles styringsdokument for alle midlane til investeringar og utviklingsprosjekt er regionalt næringsprogram for landbruket i Hordaland (RNP)

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 29.08.2016

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart