Tiltak, bygging og inngrep i terrenget

Søknad om godkjenning av innmarksbeite til spreieareal for husdyrgjødsel 

Føretak med jordbruksproduksjon kan etter søknad få godkjent innmarksbeite til spreieareal for husdyrgjødsel, jamfør § 24 i forskrift om organisk gjødsel.

Søknadsskjema er å finna her (PDF, 243 kB)

Søknad om spreiing av husdyrgjødsel i tidsperiodar som krev søknad

Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding på eng og anna grøde kan ikkje skje seinare enn1. september utan kommunen si godkjenning, jamfør § 23 i forskrift om organisk gjødsel. Spreiing kan heller ikkje skje før 15. februar.

Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (PDF, 265 kB)

Søknad om utsett spreiing av husdyrgjødsel (PDF, 261 kB)

Søknad om fritak frå gjødselplan eller fritak frå kravet om årleg gjødselplan

Føretak som driv jordbruksareal svært ekstensiv kan få fritak frå kravet om gjødslingsplan, jamfør § 5 i forskrift om gjødslingsplanlegging. Føretak som har areal med svært liten variasjon i gjødslingsbehovet frå år til år, kan få godkjent fritak frå kravet om årleg gjødslingsplan, jamfør § 3 i forskrift om gjødslingsplanlegging.

Søknadsskjema er å finna her (PDF, 304 kB)

Nydyrking

Det er søknadsplikt ved nydyrking. Meir opplysningar og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Landbruksveg

LANDBRUKSVEG. Det er søknadsplikt ved bygging av landbruksveg. Meir opplysningar og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet

Planering

Forureiningslova sitt kapittel 4 har reglar om planering som gjeld flater større enn 1,0 dekar. Det er søknadsplikt for slik planering. Oftast vil slik planering vera nydyrking og verta handsama i nydyrkingssak. Om ikkje, må det søkjast særskilt om planering.

Tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap

Det er eit vilkår for produksjonstilskot til jordbruksareal at kulturlandskapet ikkje vert forringa. Om det skal gjerast tiltak i kulturlandskapet som ikkje fell inn under ordningane nemnde ovanfor, må det søkjast særskilt, jamfør § 4 tredje ledd i forskrift om produksjonstilskot. Det er ikkje søknadsskjema. Det må søkjast skriftleg til kommunen i brev/e-brev og tiltaket må visast på kart som vert lagd ved søknaden.

Andre tiltak

Alle andre tiltak enn dei nemnde ovanfor og som ikkje er vanleg jordbruksdrift, er saker etter plan- og bygningslova. Somme saker er ikkje søknadspliktige. Andre saker kan tiltakshavar søkja om sjølv. Og nokre saker krev at søkjar er godkjend for å fremja søknad. Direktoratet for byggkvalitet har god informasjon om dei ulike tiltaka og søknadstypane: http://www.dibk.no/.

Aktsemdsplikt ved utføring av tiltak (og ved vanleg jordbruksdrift)

  • Naturmangfaldlova. § 6 i naturmangfaldlova slår fast at einkvar skal opptre aktsamt og gjera det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfaldet i strid med måla slik dei er fastslåtte i §§ 4 og 5 i lova. Naturmangfaldlova gjev blant anna grunnlag for å fastsetja vern av område og til å peika ut prioriterte artar og utvalde naturtypar. 13 artar er prioriterte. To av desse er fjellrev og honningblom. Det er forbod mot uttak, skade og øydelegging som av prioriterte artar. Det er seks utvalde naturtypar: Slåttemark med lauveng, slåttemyr, hole eiketre, kalklindeskog, kalksjøar og kystlynghei. I område med utvalde naturtypar er det meldeplikt for jordbrukstiltak som ikkje krev løyve.
  • Kulturminnelova. Kulturminne frå før 1537, og ståande bygningar eldre enn frå 1650, er automatisk freda. Nyare kulturminne kan vera freda ved vedtak eller ha verneverdi. Etter § 3 i kulturminnelova er det forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne. Dette gjeld òg i sikringssona rundt kulturminnet. Den er til vanleg 5 meter. I mark over automatisk freda kulturminne kan det ikkje pløyast eller jordarbeidast djupare enn tidlegare. § 8 i kulturminnelova pålegg den som kjem over automatisk freda kulturminne ved arbeid å melda frå med det same og stansa arbeid som kan vedkoma kulturminnet.

Kart/geografisk informasjon

I dag er det mange kartportalar på internett som gjev opplysningar om tilhøva på staden som er relevante ved tiltak. Me nemner desse:

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.06.2017

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart