Kunnskapsprøve om alkohollova

I Sveio kommune kan du avlegge kunnskapsprøve i alkohollova. Ta kontakt med Servicekontoret for å avtale prøvetidspunkt.

Det er ulik prøve for salsløyve, skjenkeløyve eller . Prøva kan berre avleggast elektronisk frå 1. januar 2016. Du kan velje om du vil ha bokmål eller nynorsk. Du har kun anledning til å bruke ordbøker som hjelpemiddel, til dømes engelsk-norsk/norsk-engelsk ordbok.

Kunnskapsprøva om alkohollova er ein fleirvalsprøve. Til kvart spørsmål står det fleire svaralternativ, der berre eitt alternativ er riktig svar på spørsmålet. Du skal krysse av det svaret du meiner er korrekt.

Du får 60 minuttar til å svare på prøven. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vere rette. Alle som består vil få diplom som bevis på bestått prøve.

Det må framvisast gyldig legitimasjon før du avlegg prøva, og gebyret på kr. 400,- må vere betalt.

Læremateriell, testprøver og nettseminar for kunnskapsprøven er tilgjengeleg på www.vinn.no.  

Vinn tilbyr eit nettbasert verktøy som heiter TeamViewer. Dette lastast ned gratis, og det eineste deltakarane treng er tilgong til data og internett. Vinn sender ut all nødvendig informasjon i forkant til deltakarane.

Innhald

Ved prøve for skjenkeløyve må du ha kunnskaper om innhaldet i føresegnene i alkohollova sine kapittel: 1, 4, 5, 7, 8 og 9 samt alkoholforskrifta (forskrift av 8. juni 2005 nr 538) kap. 1, 2, 4, 5, 6, 9, 10, 11 og 14. Vidare bør du ha kjennskap til dei andre føresegnene i alkohollova.
Ved prøve for salsløyve må du ha kunnskaper om innhaldet i føresegnene i alkohollova sine kapittel: 1, 3, 7, 8 og 9 samt alkoholforskrifta (forskrift av 8. juni 2005 nr 538) kap. 1, 2, 3, 5, 6, 9, 10, 11 og 14.
Alkohollova og alkoholforskrifta finn du på lovdata.no

 

 

 

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 31.10.2016

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart