Salsløyve

Sal av alkoholhaldig drikk med høgare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent kan berre gjerast av Vinmonopolet.

Den som vil selje alkoholhaldig drikk t.o.m 4,7 volumprosent kan berre gjere dette når det ligg føre kommunalt løyve.  Løyve gjeld for eit bestemt lokale og for ei bestemt type verksemd.  Salsløyve kan ikkje gjelde for same lokale som det går føre seg skjenking.

Sal og utlevering av drikk som nemnt over kan ikkje skje på sun- og heilagdagar, 1. og 17. mai, som er vedteke ved lov. I Sveio kommune er det heller ikkje lov til å selje alkohol på røystedagane for stortingsval, fylkestingval, kommunestyreval og folkeavrøysting, jf. dei alkoholpolitiske retningslinene, som er del 2 av Ruspolitisk handlingsplan for Sveio kommune.

Krav til dokumentasjon
Den som søkjer løyve skal dokumentere selskapet ved firmaattest. Det skal leggjast fram dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett på salsstaden og at desse har kunnskapsprøven i alkohollova. Vidare skal det leggast fram målsette teikningar av salsstaden, og det må utarbeidast internkontroll etter alkohollova.

Saksbehandlar i kommunen hentar inn uttale frå politi og sosialtenesta. Det kan og hentast uttale frå skatte- og avgiftsmyndigheiter. 

Gebyr

I medhald av alkohollova sin § 7-1 skal det betalast gebyr pr. liter seld vare. Kor mykje gebyret er på står i alkoholforskrifta § 6-2. Gebyr blir stipulert for året og avrekna etter endeleg salstal når året er omme. 

Heimel

Lov om omsetning av alkoholhaldig drikk m.v. av juni 1989 nr. 27 med endringar, siste endringar tok til å gjelde frå 1. juli 2005, samt forskrifter. 

Søknad om løyve til sal av alkoholhaldig drikk som inneheld høgst 4,7 volumporosent alkohol blir avgjort av kommunestyret.  Fylkesmannen er klagenemnd. 

Ein finn søknadsskjema på kommunen sine heimesider eller ein kan ta kontakt med Offentleg Servicekontor, tlf. 53 74 80 00.  Behandlingstid vil variere ettersom saka skal behandlast av kommunestyret.

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 15.11.2016

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart