Serveringsløyve

Personar eller føretak som ønskjer å drive serveringsvirksomhet som næring må ha serveringsløyve frå kommunen. Kravet gjeld alle stader som driv servering av mat og/eller drikke og der forholda ligg til rette for fortæring på staden.

Søknad om serveringsløyve blir behandla etter Lov om serveringsvirksomhet og etter reglane i forvaltningslova. Dersom søknaden gjeld serveringsløye kan den behandlast administrativt i Servicekontoret. Behandlingstiden vil vere ca. 1 månad. Dersom søknaden gjeld både serverings- og skjenkeløyve må søknaden behandlast av kommunestyret. Behandlingstida vil då bli lenger avhengig av møteplanen til kommunestyret.

For kvart løyve skal det godkjennast ein dagleg leiar. Dagleg leiar må vere myndig og må vere den som har det reelle ansvaret for den daglege drifta av serveringsstaden, jf. § 4 i serveringslova. Dagleg leiar må ha gyldig etablerarprøve (bestått kunnskapstest om serveringslova, meir informasjon på denne linken).

Kunnskapstest i etablerarprøva etter serveringslova kan avleggjast i kommunen. Ta kontakt med kommunen for å gjere avtale om tidspunkt. Prøvegebyret er kr. 400,- og skal betalast på forskot. Prøven varer inntil 90 min dersom du tar elektronisk prøve, og inntil 100 min dersom du tek papirprøve.  Prøven inneheld 50 spørsmål. Kvart spørsmål har tre svaralternativ, der berre eit av svara er rett.  For å få godkjent prøve må du ha minst 40 rette svar. Tillate hjelpemiddel er lovsamlingar. Ordbøker er ikkje tillate. Før prøva tek til må du legitimere deg og levere frå deg ting som kan oppfattast som hjelpemiddel (mobiltelefon o.l).


Læremateriell til etablerarprøven kan ein tinge på www.vinn.no.

NB;  Alle som ønskjer å drive verksemd innan mat må gje melding til Mattilsynet.  Bruk skjemaet: "Meldeskjema til Mattilsynet"

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 31.10.2016

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart