Skjenkeløyve

Sal og skjenking av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Jf. § 1-4 a. Dessutan er det etter § 8-9 forbode å drikke eller skjenke alkohol med mindre det er gjeve løyve til det og sjølv om det skjer utan vederlag:

 1. I lokaler med tilliggelser hvor det drives serveringsvirksomhet,

2. I lokaler som vanligvis er allment tilgjengelig for offentligheten,

3. I forsamlingslokaler eller andre felleslokaler,

4. På annet sted der offentlige møter, fester, utstillinger eller andre tilstelninger finner sted, (samstundes. Kommunens merknad.)

5. På gate, torg, vei, i park eller på annen offentlig plass.  

6. På skip, fly, tog, buss eller annet innenriks transportmiddel for almenheten.

Forbodet har to unntak:

1. Forbudet mot drikking og servering av alkohol i lokaler som er nevnt i første ledd nr. 1,2, og 3 gjelder ikke når eier, leier *, driver, eller ansatt disponerer lokalene til eget bruk til sluttet selskap. * Med "leier"  er det meint leigetilhøve over noko tid,  ikkje for einskildhøve, eller leige i den meining å driva alkoholservering utan løyve.

2. Forbudet mot drikking og servering av alkohol i lokaler som er nevnt 2 og 3 gjelder heller ikke når lokalet leies eller lånes ut til privatperson for en enkelt bestemt anledning til sluttet selskap, og utleier for øvrig ikke står for andre deler av arrangementet.

Skjenking mot vederlag krev alltid løyve.

Søknadsskjema til dei ulike typane skjenkeløyve får ein ved å henvende seg til kommunen. Søknad om ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve for einskildhøve finn du også til høgre på denne sida, eller på heimesida under "Søknadssenter".

Nyttig informasjon om temaet alkohol finn du på sosial og helsedirektoratet si heimeside:  https://helsedirektoratet.no/folkehelse/alkohol

Alkohollova og alkoholforskrifta finn du på lovdata.no

Alminneleg skjenkeløvye

Dette gjeld for føretak som ønskjer fast skjenkeløyve i kommunen.  Det blir ikkje gjeve skjenkeløyve utan at det ligg føre eit serveringsløyve. Ein kan søkje om serveringsløyve og skjenkeløyve på same skjema.

Kommunalt skjenkeløyve kan gjevast for perioder på inntil 4 år, med opphøyr seinast 30. juni etter at nytt kommunestyre inntrer.

For kvart løyve skal det godkjennast ein styrar og ein avløysar. Desse må vere over 20 år og ha dokumentert kunnskap om alkohollova og føresegner gitt i medhald av den. Kunnskapsprøva kan ein ta i kommunehuset, berre ta kontakt med Servicekontoret for å avtale tid eller for meir informasjon. Du kan også lese meir om kunnskapsprøva her.

Før det blir fatta vedtak om skjenkeløyve innhentar kommunen uttale frå politiet og sosialtenesta. Kommunen har også adgang til å innhente uttale frå andre instansar, td. skatte- og avgiftsmyndigheitene.

Viktig dokumentasjon som må følgje søknaden:

- Dokumentasjon på serveringsløyve

- Konseptskildring

- Teikningar av serveringsstaden

- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve etter alkohollova for skjenkestadens styrar og avløysar.

Gebyr til kommunen blir fastsett etter faktisk omsetnad. Minimumsgebyret er kr. 4.800,- pr. år, frå 01.01.17 er gebyret kr. 4 900,-, jf. alkoholforskrifta § 6-2. Vedtak i saka blir fatta av kommunestyret. Behandlingstid av søknaden er berekna til 4-6 veker, avhengig av kva tid kommunestyret har møte. 

Skjenkeløvye for einskildhøve

Dette gjeld for personar eller lag som ønskjer skjenkeløyve for eit enkelt høve. Dersom det dreier seg om eit ope arangement, er det dette løyvet du må ha. I Sveio kommune er det delegert til rådmannen å fatte vedtak om skjenkeløyve som gjeld eit enkelt høve.

For kvart løyve skal det godkjennast ein styrar og ein avløysar, som må vere over 20 år. Før det blir fatta vedtak om skjenkeløyve for einskildhøve, innhentar kommunen uttale frå politiet og sosialtenesta. Kommunen har og adgang til å innhente uttale frå andre instansar, td. skatte- og avgiftsmyndigheitene.

Gebyr til kommunen er kr 200,-/ 500,- /1.000,- pr. arrangement, avhengig av storleiken på arrangementet.  Behandlingstid av søknaden er berekna til 3 veker.

Hugs også at alle arrangement må meldast inn til politiet. Bruk skjemaet "Melding om arrangement- til politiet i Haugesund". Det kan du finne til høgre på denne sida, eller på heimesida under "Søknadssenter".

Etter eit einskildhøve må det leverast ein evaluering og omsetningsrapport. Viss det blir gjeve eit vedtak om einskildhøve, blir skjema for evaluering og omsetning sendt ut saman med vedtaket til søkjar.

Ambulerande skjenkeløvye

Sveio kommunstyre har oppretta tre ambulerande løyve for skjenking av alkoholhaldig drikk, jf. alkohollova § 4-5.  Det er delegert til rådmannen å fatte vedtak om skjenkeløyve som gjeld eit enkelt høve. Slikt løyve kan berre nyttast i samband med eit bestemt høve og i lukka lag. 

Rundskriv IS 2/2008 gjer greie for kva som kan reknast som lukka lag.  Dei døma som er nemnde er bryllaup, jubileum, konfirmasjon, firmafest, vennelag, osb. I rundskrivet heiter det m.a:

Medlemmene i selskapet må danne en sluttet krets av personer der utenforstående ikke kan komme inn uten at visse former følges.  Deltakerne må ha en eller annen tilknytning til den eller dem som inviterer til selskapet og til hverandre.  Det er ikke tilstrekkelig at man før skjenkingen begynner skriver seg på en liste eller kjøper billetter.  Vanligvis må initiativet komme utenfra, ikke fra skjenkestedet.  Det hjelper ikke at antallet gjester er begrenset, eller at arrangementet i innbydelsen eller i avertissementet er betegnet som "sluttet selskap".   Klubber o.l med begrenset medlemskap, regnes ikke i seg selv som sluttet selskap."

Meininga med ambulerande skjenkeløyve er å forenkle saksbehandlinga i saker der private eller mindre lag og organisasjoner har arrangement der det å drikke eller skjenke alkoholhaldig drikk er forbode utan løyve enten fordi det skjer mot vederlag, eller i enkelte typar lokaler, stader eller samanhenger.

I tvilstilfelle må kommunen etter eit konkret skjønn, avgjere om eit selskap kan reknast som slutta lag i alkohollova si meining.

Gebyr til kommunen er kr. 350,- pr arrangement, jf. alkoholforskrifta § 6-2. Tid for saksbehandling er berekna til 1 veke. 

 

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 06.01.2017

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart