Ansvarleg vertskap

20170518_133035.jpg - Klikk for stort bilete

KoRus-Øst har på oppdrag frå Helsedirektoratet utvikla eit e-læringskurs i Ansvarleg vertskap. Kurset er berekna på alle som skjenker alkohol. Her vil du finne denne startsida.

Meir informasjon frå Helsedirektoratet kan du finne her.

Ansvarleg vertskap handlar om å bidra til eit trygt og hyggeleg uteliv ved ikkje å skjenke mindreårige eller openbert påvirka gjester. Ansvarleg vertskap e-læring vil gje deg kunnskap om regelverk og situasjonshandtering som kan vere nyttig for deg når du skal jobbe i utelivsbransjen.

  • Ta kurset på mobil, nettbrett, Mac eller PC
  • Pris 300,-
  • «Mitt kurs» er tilgjengeleg i seks månader
  • Kursbevis etter bestått prøve på «Min side»
  • Skriv ut kursbeviset og bruk det i din CV
  • Det kan bli inngått firmaavtale viss det er fleire enn 4 personar som skal ta kurset. Prisen vil då vere kr 200 pr person..

Diverse brosjyrar, plakatar og opplæringmateriell kan hentast på Servicekontoret, så langt lageret rekk.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 19.05.2017