Tilskotsordningar

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Innan skogkultur kan det gjevast tilskot til foryngingstiltak (planting, såing og markberedning), ungskogpleie, stammekvisting, tynning (dekking av underskot) og gjødsling av skog. NMSK har fleire andre støtteordningar. Kommunen har eigen tiltaksstrategi for bruk av NMSK-midlane: (link til tiltaksstrategien) Meir informasjon er det på Landbruksdirektoratet sin nettstad.

Skogsvegar

Om ein skogsveg/landbruksveg vil gje grunnlag for å kunna ta ut skog på rekningssvarande vis, kan det gjevast tilskot. Meir opplysningar og søknadsskjema er å finna på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Skogsfond

Skogeigar må setja av pengar på skogfond ved sal av tømmer og ved/biobrensel. Bruk av skogfond gjev skattefordel og er derfor nemnd under tilskotsordningar her. Meir informasjon på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 22.06.2017

Kontaktinfo

Servicekontoret
Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Kontaktperson skogbruk
Geir Ragnhildstveit
Send e-post
Telefon: 53 74 80 52


Skogbruksjef (kontor rådhus Tysvær kommune)
Jan Erik Larsen
Send e-post
Tlf: 52 75 71 81

 

Kart