Tiltak - bygging og inngrep i terrenget.

Landbruksveg/skogsveg:

Det er søknadsplikt ved bygging av landbruksveg/skogsveg. Meir opplysningar og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sin nettstad

Planering

Forureiningslova sitt kapittel 4 har reglar om planering som gjeld flater større enn 1,0 dekar. Det er søknadsplikt for slik planering. Oftast vil slik planering vera nydyrking og verta handsama i nydyrkingssak. Om ikkje, må det søkjast særskilt om planering.

Andre tiltak

Alle andre tiltak enn dei nemnde ovanfor og som ikkje er vanleg skogbruksdrift, er saker etter plan- og bygningslova. Somme saker er ikkje søknadspliktige. Andre saker kan tiltakshavar søkja om sjølv. Og nokre saker krev at søkjar er godkjend for å fremja søknad. Direktoratet for byggkvalitet har god informasjon om dei ulike tiltaka og søknadstypane: http://www.dibk.no/.

Aktsemdplikt ved utføring av tiltak (og ved vanleg skogbruksdrift)

  • Naturmangfaldlova. § 6 i naturmangfaldlova slår fast at einkvar skal opptre aktsamt og gjera det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfaldet i strid med måla slik dei er fastslåtte i §§ 4 og 5 i lova. Naturmangfaldlova gjev blant anna grunnlag for å fastsetja vern av område og til å peika ut prioriterte artar og utvalde naturtypar. 13 artar er prioriterte. To av desse er fjellrev og raud skogfrue. Det er forbod mot uttak, skade og øydelegging som av prioriterte artar. Det er seks utvalde naturtypar: Slåttemark med lauveng, slåttemyr, hole eiketre, kalklindeskog, kalksjøar og kystlynghei. I område med utvalde naturtypar er det meldeplikt for skogbrukstiltak som ikkje krev løyve.
  • Kulturminnelova. Kulturminne frå før 1537, og ståande bygningar eldre enn frå 1650, er automatisk freda. Nyare kulturminne kan vera freda ved vedtak eller ha verneverdi. Etter § 3 i kulturminnelova er det forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne. Dette gjeld òg i sikringssona rundt kulturminnet. Den er til vanleg 5 meter. I mark over automatisk freda kulturminne kan det ikkje jordarbeidast djupare enn tidlegare. § 8 i kulturminnelova pålegg den som kjem over automatisk freda kulturminne ved arbeid å melda frå med det same og stansa arbeid som kan vedkoma kulturminnet.

Kart/geografisk informasjon

I dag er det mange kartportalar på internett som gjev opplysningar om tilhøva på staden som er relevante ved tiltak. Me nemner desse:

  • Gardskart:                       
  • Kilden
  • Naturbase        
  • Norgeskart:         
  • Kart i vest
  • Miljøregistreringar i skog er viktige i skogbruksplanlegginga og ved skogsdrift. Desse registreringane er mellom anna å finna på Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) sin nettstad i lag med gardskart.
Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 26.08.2016

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530