Viltforvaltning

 

Digitale valdkart

Gå til digitale valdkart som viser dei ymse valda i kommunen. Klikk to gongar på "Avbryt" for å gå til kart.

Ved å trykke på linken, kan de få oversikt over dei ulike valda i kommunen. Inne i same kart kan ein leggje inn fallvilt, sett hjort mm. Viltforvaltninga håpar dette kartet blir brukt. Kartmaterialet vil me prøve å halde ajour til ei kvar tid. Det vil då vere viktig at jaktrettshavarar, jegerar blir med på å halde dette ajour ved å melde inn endringar i areal eller vald.

Endring av vald:

Ved endring i valdet, t.d. det blir lagt til nye eigedomar  eller at eigedomar trekker seg ut av eit vald er fristen 1.april.

Godkjenning av nytt vald er 1.mai.

Gå til skjema på miljødiretoratet sine nettsider.

Gå til forskrift for forvaltning av hjortevilt på Lovdata sine nettsider.

Hjorteviltregisteret

På nettsida til hjorteviltregisteret  kan de sjå kva fellingsresultat er i vår kommune og landet forøvrig.
Gå til hjorteviltregisteret

Jegerprøven

Sveio jeger-, fiske- og naturvernforening har ansvaret for jegerprøven i Sveio. Det er kommunen som for tida har ansvar for jegereksamen. Viltnemnda har gjort vedtak om å gje stønad til unge jegerar som har teke prøven og greidd eksamen. Dei som kjem under ordninga, er kandidatar som blir 23 år i kalenderåret og at dei har fast bustadadresse i kommunen. For meir informasjon om ordninga ta kontakt med viltforvaltninga.

Jakttider

Jakttider for småvilt og storvilt finn de på nettsidene til miljødirektoratet

Minsteareal for storviltjakt

Minsteareal i Sveio kommune er 750 daa for storviltjakt

Påkøyrsle av storvilt

Skulle uhellet vere ut, at du køyrer på storvilt (hjort og rådyr), er det viktig å varsle om dette, som du også er plikta  til å gjere.

  1. Ring til politiet på telefon 112. Det er då viktig å gje best mogleg informasjon; kor har påkøyrsla funne stad, namn på staden,  type veg m.m. Politiet varslar Viltnemnda for ettersøk.
  2. Marker staden der påkøyrsla fann stad, m.a. kan ein få hjå forsikringsselskapet merkeband som kan nyttast, ta kontakt med forsikringsselskapet ditt og be om slikt band og ha slike liggjande i bilen eller bruk t.d. ein plastpose. Eventuelt vent til viltnemnda sitt ettersøks team kjem.  

Har du kasko på bilen og du har fått skade på den i samanstøtet med storvilt, får du dekka reperasjonen utan eigendel. Vilkår: at du har varsla politi om påkøyrsla. Viltforvaltninga vil gje stadfesting, at påkøyrsla har funne stad.

Viltnemnda sine medlemmer

Viltnemnda sine medlemmer i kommunestyreperioden 2015 til 2019 er følgjande:

  • Arne Birkeland, leiar
  • Martin G Haugland, nestleiar
  • Helga-Mari Tessem
  • Kar Audun Knutsen
  • Inger Hilde Enerstvedt

Div informasjon om freda vilt og andre observasjonar av vilt

Viltforvaltninga får til tider inn melding om observasjonar om m.a. gaupe i kommunen. Me vil framleis oppmode at de melder inn slike og eventuell andre observasjonar om t.d. skada vilt eller daudt vilt. Alt freda vilt som er skada eller daudt skal meldast til kommunen.

Skotpremie

I Sveio kommune blir det gjeve rovdyr premie (skotpremie) på rev og mink. For rev utgjer skotpremien kr 350,- for vaksne dyr. For vaksen mink er det kr. 100,- I tillegg har Sveio saualslag gjeve inntil kr. 200,- i tilskott for rev. Det er årsmøtet deira som evt set av midlar.  Me minner også på fredningstida for alt vilt.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 10.04.2017

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530