Publisert 18.02.2020

På Skattkammeret i Sveio kan alle låne sports- og fritidsutstyr gratis. Ein kan låne utstyret opp til ei veke om gongen. Skattkammeret held ope måndag og torsdag 17:00- 19:00 og held til på Sveio sambrukshus.

Publisert 23.01.2020

Regionale ledd av frivillige organisasjonar innan idrett og friluftsliv kan søkje om tilskot til aktivitet i sine lokallag og klubbar. Om organisasjonen har fleire søknadar skal dei prioritere desse. Andre aktørar kan vurderast særskilt

Tiltaka som får tilskot skal bidra til å få fleire barn og unge i Vestland fysisk aktive kvar dag.

Bruk digitalt skjema for å søkje. Søknadsfristen er 15. februar 2020.

Informasjon og søknadsskjema er på:

https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/fysisk-aktivitet/tilskot-til-lagterskel-fysisk-aktivitet-for-barn-og-ungdom/

Publisert 10.01.2020

Sveio kommunestyre har vedtatt å senda forslag om slå saman eldrerådet og råd for personar med nedsett funksjonsevne ut på høyring.

Høyringsfristen er 20. april 2020.

Publisert 03.01.2020

Ynskjer du å komma i betre form og bli sterkare? Kjenner du deg ustø og ynskjer litt betre balanse? Klarar du litt mindre i dag enn for eit år sidan? Har du vanskar med å gå utandørs?

Meld deg på fallførebyggande treningsgruppe!

Publisert 16.12.2019

 Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass.
Maksprisen er fastsett til kroner 3 135 per månad frå og med 1. januar 2020.

Publisert 09.12.2019

Det er tid for vassmålaravlesing.
I år sender me ut SMS til alle fakturamottakere som er registrert med mobilnummer.

Vil du sikre at du får vassmålaravlesing på SMS til neste år er det berre å fylle ut svarslipp med rett mobilnummer slik at me kan legge det inn. Fyll og inn målarstanden for 2019 på same svarslipp og returner denne til Sveio kommune.

Publisert 21.11.2019

Måndag 9. desember 2019 skal kommunestyret velja nytt eldreråd og nytt råd for personar med nedsett funksjonsevne for Sveio kommune. Innbyggarane blir oppmoda om å foreslå representantar til råda!

Publisert 13.11.2019

Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2020 blei lagt fram for kommunestyret måndag 11. november 2019.