Arbeiderpartiet og FRP einige om eit valteknisk samarbeid

Linn These Erve - Klikk for stort bileteLinn These Erve Vestavind

Arbeiderpartiet og FRP, saman med dei to uavhengige representantane i kommunestyret, er einige om eit valteknisk samarbeid for dei neste fire åra.

Linn Therese Erve vert ordførar og Ruth Grethe Østebøvik Eriksen vert varaordførar.

Pressemelding frå Sveio Ap og Sveio FRP:

"Sveio Frp og Sveio AP har teke til etterretning den politiske situasjonen som har oppstått i Sveio kommune etter valet. Sveio Frp og Sveio AP forstår at innbyggjarane no ser hen til våre parti med omsyn til å få på plass ein styringsdyktig koalisjon. Vi har i kveld invitert og hatt samtalar med dei to uavhengige representantane i kommunestyre kommande periode med formål om å få på plass et valteknisk samarbeid. Etter møtet er ein einige om eit valteknisk samarbeid, som avklarar viktige posisjonar for det politiske arbeidet dei neste fire åra. Linn Therese Erve vert ordførar og Ruth Grethe Østebøvik Eriksen vert varaordførar.

Rune Teikari, Leiar forhandlingsutval, Sveio Frp

Håkon J Skimmeland, leiar forhandlingsutval, Sveio AP"

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 03.10.2019