Auka synlegheit, fleire medlemmer og enkel administrering av arrangement - Ta i bruk Friskus.com!

     

På Friskus.com kan du synleggjera organisasjonen din saman med resten av kommunen.

Organiser aktivitetar, rekrutter nye medlemmer og kommuniser med eksisterande medlemmer eller samarbeidspartnarar – alt på ein plass! Her kan du enkelt halde oversikt over alle delar av din organisasjon.

Slik gjer du:

  • Gå inn på https://sveio.friskus.com/
  • Trykk på "LOGG INN" øvst til høgre på sida for å lage deg ein personleg brukarkonto.
  • Legg inn mobilnummeret ditt og trygg "KOM I GANG". Lag eit passord og du er klar!

Du får:

  • Enkel oppretting av aktivitetar og frivillige oppdrag.
  • Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktivitetar.
  • Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag. 
  • Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
  • Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan setjast som gjentakande ut året.
  • Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige. 
  • Auka synlegheit. Gjer innbyggarane trygg på kven de er som lag, organisasjon eller foreining.
  • Elektronisk medlemsregister. Du kan digitalt registrera og fornye teieplikt, politiattest etc.
  • Statistikk over aktivitetar og påmeldte.
  • Automatisk varsel til medlemar om deira aktivitetar. 
  • SMS-teneste. Blir levert som tilleggsløysing. 

Spel på lag med andre organisasjonar i kommunen, og synleggjer tilbodet dykkar. No slepp ein leita på fleire ulike plattformar – innbyggarar finn dykk enkelt i ein felles kalender!