Automatisk betaling av rekningar - Avtalegiro

Automatisk betaling av rekningar - Klikk for stort bilete

Avtalegiro er tilpassa dei betalerne som ynskjer automatisk betaling av rekningane sine, og det er ein av dei enklaste betalingsløysingane som finst.

 

• Du vil alltid varslast minst ei veke før forfall, så du har kontroll over betalingane.

• På forfallsdatoen vert rekningen betalt automatisk.

• Det beste av alt: Du treng ikkje lenger bekymra deg over purringar og ekstragebyrer.

Du kan òg velja å kombinera Avtalegiro og eFaktura. Då vil rekninga trekkjast på forfallsdato med Avtalegiro, og eFaktura m/spesifikasjon av fakturaen vil fungera som varsel i nettbanken. For kombinasjonen må du inngå både Avtalegiro og eFaktura avtale, skjema finn du her.

KID og eFaktura referanse finn du på faktura frå Sveio kommune, eller du kan få det ved å kontakta Sveio kommune på telefon: 53 74 80 00.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 23.01.2019