Besøk ved omsorgssenteret mellombels stansa

Klikk for stort bilete
Den 20. mai blei det påvist koronasmitte i Sveio kommune, ved Vikse skule. Som eit førbyggande tiltak vil besøk ved Sveio omsorgssenter stansast mellombels til smittesituasjonen i kommunen er avklart.

Sveio kommune viser til tidlegare nyhendesak om besøk ved Sveio omsorgssenter. Her blei det vist til at ved oppmjuking av smitteverntiltak kan ein komma i ein situasjon kor førekomst av smitte aukar, og i slike tilfelle ville innstrammingar kunna skje på kort varsel. 

Pga. tilfellet ved påvist koronasmitte ved Vikse skule vel ein no å mellombels stansa besøk ved omsorgssenteret til omfanget av smittesituasjonen er avklart.