Bok om kulturminne i Sveio

Kulturminne i Sveio - Klikk for stort bilete

Kulturminneplanen for Sveio har blitt til ei flott bok som er for sal!
 

Boka tek utgangspunkt i kulturminneplanen som blei vedteken i 2015, men er utvida med fleire historiske bakgrunnstekstar og mykje bilete av lokale kulturminne. Lokalhistorikar Sverre Halleraker har skrive ei rekkje artiklar spesielt for dette prosjektet.

Samla gjev boka eit oversyn over historie og utvikling av det som i dag er Sveio kommune frå dei eldste tider og fram til etterkrigstida, med hovudvekt på dei fysiske spora menneske har sett att i landskapet.

Boka er på 180 sider. Utsalspris kr 290,-. I sal frå veke 49, 2016.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 19.06.2019