Bruk av kjernejournal i Helse og Omsorg

Illustrasjonsbilde - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde

Sveio kommune tar snart i bruk kjernejournal i helse og omsorg. Kjernejournal er eit nasjonalt digitalt helsesystem, som deler viktige helseopplysningar på tvers i helsevesenet.

Kjernejournalen erstattar ikkje journalane du har hjå fastlege, sjukehus eller i helse- og omsorgstenesta, men er eit viktig bidrag særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finna informasjon om helsetilstanden din.

Kritisk informasjon i kjernejournal er opplysningar om deg som det er viktig at helsepersonell kjenner til i en akuttsituasjon. Det er legen din som registrerer denne type kritisk informasjon. Desse helseopplysningane kan bidra til at helsepersonell endrar val av undersøking, behandling og oppfølging av deg på sjukehus. Du kan gjera kjernejournalen din betre ved å sjekka at all kritisk informasjon er registrert.

Du kan også sjølv registrera viktige helseopplysningar i din kjernejournal slik at helsepersonell får eit meir utfyllande bilete av deg og di helse. Det kan bidra til at du får rett behandling raskare.

Desse opplysningane kan du sjølv registrera på helsenorge.no:

  • Kontaktpersonar
  • Helsekontaktar
  • Særlege kommunikasjonsbehov
  • Sjukdomshistorikk

Når du har logga inn, vel du Meny -> Tjenester -> Kjernejournal, for å finna informasjon om kor du kan legga til, endra eller sletta informasjon i din kjernejournal.  

Det er Norsk helsenett som har ansvar for kjernejournal

Nettlenke til informasjon om kjernejournal på Helsenorge.no