Budsjett 2023 – Framlegg frå dei folkevalde

Illustrasjon – kommunehuset - Klikk for stort bilete Ida Kristin Vollum

Måndag 28. november behandla formannskapet rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2023, før endeleg behandling i kommunestyret 12. desember. 

Følgande endringsforslag til budsjettet blei lagd fram på vegner av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og dei uavhengige: 

Driftsbudsjett

Framlegg til økonomiplan for 2023–2026 slik det går fram av vedlegg 1 til budsjettvedtaket blir vedtatt med dei endringane som er lagde fram.

Driftsbudsjett 2023 – Summar

  • Dagleg leiar Sveio IL (200 000,– for 2023 og 350 000,– for 2024): 200 000,–
  • Støtte til omstilling: 100 000,–
  • Jubileum Valestrand kulturkyrkje: 150 000,–
  • Middag for eldre: 130 000,–
  • Digitaliseringsløft for eldre: 50 000,–
  • Forprosjekt Ryvarden: 250 000,–
  • Sommarprosjekt barn: 50 000,–

Finansiering

  • Haugaland Brann og Redning:  - 500 000,–
  • Reduksjon i netto driftsresultat: -430 000,–

Driftsbudsjett 2023

Dagleg leiar i Sveio IL

Sveio idrettslag er den største frivillige organisasjonen i Sveio kommune, og gir kvar dag eit tilbod til barn og unge i ulike aldrar. Dersom ein samanliknar Sveio IL med andre idrettslag i distriktet, ser ein at dei aller fleste har tilsett ein dagleg leiar. Kommunestyret ber derfor rådmannen styrka driftsbudsjettet med kr 200 000,– i 2023 og kr 350 000,– i 2024, for å vera med å finansiera ein dagleg leiar i Sveio IL. Sveio IL skal vera arbeidsgivar og ha det formelle ansvaret rundt tilsettinga.

Haugaland brann og redning

Kommunestyret ber rådmannen om å redusera budsjettet til Haugaland brann og redning (HBR) med kr 500 000,–.

Støtte til omstilling

Me veit at fleire lokale butikkar, som er viktige institusjonar for dei som bur i lokalsamfunna, slit økonomisk. Den statlege Merkur-ordninga jobbar aktivt med å hjelpa slike butikkar med å skapa berekraftige og framtidsretta driftsmodellar. Sveio kommune støttar dette arbeidet. Om våre lokale nærbutikkar kvalifiserer til og deltar i omstillingsprosjekt i Merkur-regi, skal òg Sveio kommune kunna gi ei handsrekning i arbeidet. Kommunestyret ber rådmannen oppretta eit fond på kr 100 000,– der bedrifter som er kvalifiserte deltakarar i omstillingsprogram i Merkur-regi kan søka støtte frå.

Valestrand kulturkyrkje

Det er blitt ein tradisjon i Sveio å yta støtte når kyrkja skal feira store jubileum. Kommunestyret ber derfor rådmannen om å setta av kr 150 000,– for å feira Valestrand kulturkyrkje som i 2023 vil feira 150-årsjubileum.

Middag for eldre

Det har dei siste åra vore kjekt å sjå at eldre set pris på eit godt måltid i kommunal regi. Dette gir eit løft for mange, og tilbodet har vore svært populært. Kommunestyret ønsker derfor å setta av kr 130 000,– til dette føremålet i 2023.

Digitalisering for eldre

Samfunnet blir i dag meir og meir digitalisert. Det er derfor viktig å ta omsyn til at alle grupper i Sveio-samfunnet kan ta del i denne digitaliseringa dersom ein sjølv ønsker det. Kommunestyret ber derfor rådmannen om å setta av kr 50 000,– til eldrerådet, for at dei kan legga til rette for eit tilbod som skal hjelpa eldre med å bli meir digitalt kompetente, for å kunna oppleve ei auka digital meistring i kvardagen.

Sommaraktivitetar for barn

Me har lagt bak oss to krevjande år med korona. I tillegg er privatøkonomien blitt pressa gjennom ei generell auke i levekostnadar. I sum har denne historikken og tida me no lev i, ført til at fleire barn og unge møter ein krevjande kvardag, til dei som har svært mindre å rutta med til det som ikkje er heilt naudsynt. Kommunestyret ber derfor rådmannen setta av kr 50 000,– til kjekke sommaraktivitetar for barn og unge. Då kan frivillige lag og organisasjonar for eksempel arrangera ein aktivitet som dei har ansvar for, og såleis skapa nokon positive opplevingar sommaren 2023.

Investeringsbudsjett

Framlegg til investeringsbudsjett for 2023–2026, slik det går fram av investeringsbudsjettet blir vedtatt med dei endringane som er lagde fram.

Post Investeringsbudsjett 2023 – Summar

  • 30502 Sveio barnehage, 6 avdelingar – flytta frå 2024: 43 500 000,–*
  • 32230 Badeanlegg – flytta frå 2024: 52 320 000,–*
  • 30041 Oppgradering ladepunkt og elektrisk anlegg kommunehuset (-50 000,–): 100 000,–
  • 30043 To stk. el–bilar driftsoperatør (-300 000,–): 700 000,–
  • Dekking av hoppegrop Sveio stadion: 101 000,–
  • Oppgradering lys kunstgrasbana sentralidrettsanlegget: 400 000,–

Finansiering

  • Auka lånerammer med 151 000,–
  • *Auka lånerammer i 2023 i tråd med det som er naudsynt for å halda framdrift i desse prosjekta

Investeringsbudsjett 2023

Store investeringsprosjekt 2023

Kommunestyret ber om at dei store investeringsprosjekta som badeanlegg, nyskapande idrettshall og ny kommunal barnehage blir sett til 2023. Alle desse prosjekta er svært viktige for å sikra innbyggarane eit godt tilbod innan ulike arenaer og skal samstundes vera med på å bygga Sveio for framtida. Her ber me rådmannen om å halda fullt trykk på planlegging, prosjektering og igangsetting av prosjekta innan 2023. Kommunestyret legg derfor opp til at ein skal kunna frigjera og prioritera ressursar til desse prosjekta i eitt og same kalenderår, sidan dette ikkje er heilt nye prosjekt som har ein lang og noko kortare historikk.

Oppgradering av lys ved kunstgrasbana, sentralidrettsanlegget

Kommunestyret ber rådmannen om å foreta ein enkel kost-/nytte-gjennomgang av økonomien i utskifting av lysanlegget på kunstgrasbanen til eit moderne, energieffektivt og vedlikehaldsvennleg LED-anlegg. Dette må sjåast på både som eit enøktiltak og eit tiltak for å redusera vedlikehaldet av lysanlegget. Det er opplyst at ein kan spara om lag 30 prosent av straumkostnadane ved å byta til moderne LED. Samstundes veit me at det er betydelege kostnader knytt til utskifting av halogenlyskekjelder som ryk ofte og må skiftast med bruk av lift.

Kommunestyret ber rådmannen om å setta av kr 400 000,– til oppgradering av lyssettinga ved kunstgrasbana ved Sentralidrettsanlegget om ein kost-/nytteanalyse syner at dette er fornuftig. Dette forankrast og avgjerast politisk i HOK.

Nye elbilar til drift

Budsjett for innkjøp av to nye elbilar blir redusert frå kr 1 000 000,– til kr 700 000,–.

Verbalpunkt – Budsjett 2023

Forbetringsarbeid i Sveio kommune

Budsjettet i år viser eit lite handlingsrom innan drift, og rådmannen legg opp til eit svært marginalt overskot på drifta. Dette er eit viktig signal å ta inn over seg. Me har gjennom tverrpolitiske bestillingar dei siste åra sett fokus på forbetringsarbeid i Sveio. Kommunestyret ber derfor rådmannen etter koronaåra me har bak oss om å halda eit forsterka fokus på Lean-arbeidet/forbetringsarbeidet og sørga for at formannskapet og kommunestyret blir fortløpande orientert om progresjonen i dette forbetringsarbeidet. Ein ønsker å bli orientert om målbaserte forbetringar og flaskehalsar, slik at politisk leiing, saman med rådmannen, kan søka å finna optimale driftsmodellar innan den kommunale drifta.

Vegutløysing Lauvneset–Solheimslio

Kommunestyret ber rådmannen sikra at det blir arbeidd målretta mot fylket med å sikra ei god og framtidsretta, sikker og effektiv vegutløysing til Lauvneset og Solheimslio i Førde. Denne vegen er viktig for å knyta saman Førde-bygda og for å betra infrastrukturen for gåande, syklande og køyrande. HTN og formannskapet skal orienterast fortløpande om status/framdrift.

Forprosjekt for overnatting på fyret

Kommunestyret ber rådmannen om å starta eit forprosjekt for å greia ut korleis ein kan utvida overnattingskapasiteten i eksisterande bygningsmasse på Ryvarden, inkludert sjølve fyret. Her ser ein eit stort potensiale for å kunna gi Ryvarden kulturfyr fleire verktøy for å bli økonomisk uavhengig av tilskot frå Sveio kommune, og i neste omgang løfta Ryvarden kulturfyr sitt omdømme som overnattingsstad og destinasjon for gjester frå inn- og utland.

Planarbeid

Kommunestyret ber om at rådmannen prioriterer å få gjennomført dei store planarbeida som omfattar kommuneplanen, sentrumsplanen og områdeplan for Ekrene vest. Desse planane vil vera vårt viktigaste verktøy for å halda fram med utviklinga av Sveio kommune. Ein ber samstundes om å prioritera dette arbeidet ved å nytta eksterne ressursar der rådmannen finn det naudsynt for å sørga for progresjon. Rådmannen skal samstundes vurdera ressursbruken generelt innanfor plan og næring, slik at ein sikrar ei effektiv levering av tenester.

Vedlikehald av kommunale bygg

Kommunestyret ber rådmannen utarbeida ein vedlikehaldsplan med eit prosjekt over fem år kor vedlikehald blir utført i prioritert rekkefølge etter planen. Planen må òg ta inn over seg organisering av arbeidet. Rådmannen må i sak om slik plan òg visa til kva økonomiske midlar som trengst for å fullføra planen.

Sal av kommunale eigedomar

Kommunestyret ber rådmannen om å realisera meir sal av kommunale eigedommar, og at dette skal vera eit satsingsområdet i kommunen. Ein ønsker ein auka aktivitet innan næring, og frigjeringa av kommunalt areal kan vera med på å styrka næringsutviklinga i Sveio kommune.

Infrastruktur til Haukås

Kommunestyret ber rådmannen om å sikra at Haukås-området blir tatt omsyn til og satsa på når ein skal rullera kommuneplanen og planverket for VAR-strategi. Haukås-området ligg midt i Sveio og vil bli eit særs viktig knutepunkt for ulik infrastruktur i framtida. Då må ein tenka langsiktig, og retta seg inn mot utbyggingar i framtida.

Ladepunkt kommunehuset

Ladepunkt for elbilar ved kommunehuset skal berre vera dimensjonert for kommunale tenestebilar.

Kommunestyret ber rådmannen vurdera landepunktstrukturen for den kommunale elbilsatsinga, for å sjå om ein kan finna den økonomisk mest berekraftige strukturen på sikt.

Kommuneplanarbeid – næringsareal til sjø

Sveio kommune har ei lang kystlinje som gir store moglegheiter for etablering av næringsverksemd. Næringsareal til sjø gjer seg særleg gjeldande i samband med havvindsatsinga i Sunnhordland og på Haugalandet. I samråd med Karmsund hamn ber kommunestyret rådmannen gå i gang med arbeidet for å finna eigna næringsareal til sjø.

***

Høgre la fram følgande endringsforslag:

Drift

Pleie og omsorg

Forslag til vedtak:

Kommunestyret ber rådmannen snarast om å legga fram ei sak for kommunestyret som viser konsekvensane av å legga ned ei avdeling, at det blir 33 bebuarar og med det gjera inntakskriteria strengare for å få plass på omsorgssenteret. I saka må det òg gjerast ei utgreiing av konsekvensane dersom ein ønsker å endra intervallet til korttidsplass med eksempelvis to vekers opphald på omsorgssenteret og fire veker heime. Til denne saka er behandla, ber kommunestyret om at dagens ordning for å få plass på omsorgssenteret held fram.

Kultur

Forslag til vedtak:

  1. Kommunestyre vil støtta Sveio idrettslag med kr 130 000,–, som skal vera lønnsstøtte til tilsetting av ny medarbeidar i idrettslaget. Dekning må gjerast innanfor foreslått budsjett for 2023.
  2. Kommunestyret ber rådmannen om ei sak i 2023, der ein greier ut retningslinjer som skal vera styrande for til kommunalt lønnstilskot til tilsette i frivillige lag og organisasjonar. Politisk arbeidsgruppe for idrettsanlegg skal vera referansegruppe for arbeidet.

Investeringar

Forslag:

  1. Det blir sett av kr 300 000,– til planlegging av ei utviding av dagens næringsområde på Ekrene. Dette arbeidet kan med fordel gjerast i samarbeid med private aktørar.
  2. Kommunestyret set av 5 millionar kroner i 2024 og 17 millionar kroner i 2025 til ny Rophusveg.
  3. Ny barnehage blir utsett til 2025.

VAR – Haukås næringsområde

Forslag til vedtak:

  1. Kommunestyret ber rådmannen komma med ei sak til kommunestyret i første møteserie i 2023 der det kjem fram kva tiltak som må igangsettast for å bringa fram tilfredsstillande VAR- og planløysingar for eit næringsområde ved Haukås og E39.
  2. I saka må inngå finansiering av arbeidet. Finansiering av planarbeidet kan om mogleg gjerast saman med private aktørar.
  3. Kommunestyret løyver i 2023 kr 2 000 000,– og kr 3 000 000,– til dette arbeidet som blir finansiert med auka låneopptak.

***

Ap og FrP sitt framlegg fekk fire røyster, mens Høgre sitt framlegg fekk tre røyster (representantane frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti). Førstnemnde blei dermed formannskapet si innstilling til kommunestyret.