Bulyst – Resultat frå idémyldringsmøta
Ordførar Linn Therese Erve og prosjektleiar Nina Østensjø frå Atheno har i haust gjennomført idémyldringsmøte i sveiobygdene, kor temaet har vore bulyst.
"For meg var det viktig å få innspel frå innbyggarane og dialog om korleis me kan gjera lokalsamfunna enda meir attraktive og skapa meir bulyst. Eg opplevde mykje engasjement i heile kommunen», fortel ordføraren.
Innspela som blei samla inn blei presenterte for formannskapet i møte 15. november. Presentasjonen kan du no lesa ved å trykka her (PDF, 5 MB).
Publisert av Bjarte Stølås Storli
Publisert 07.12.2021 11.24