Byggestart for aktivitetshuset

Klikk for stort bilete
I dag har ordføraren tatt første «spadetak» i samband med oppstart for bygging av nytt aktivitetshus!

Bømlo-firmaet Steinsbø Hus AS er tildelt oppdraget, og planen er at nytt aktivitetshus skal vera ferdig i løpet av mai 2022.

"Eg er veldig glad for at bygginga er i gang! Aktivitetshuset vil vera svært positivt for brukarar, tilsette og pårørande, og eg gler meg til det står ferdig," seier ordførar Linn Therese Erve.