Cyanobakteriar (blågrønalger) i Vigdarvatnet

Klikk for stort bilete  
Det er observert cyanobakteriar (blågrønnalger) einskilde stader i Vigdarvatnet.

Cyanobakteriar er ein type bakterie som år om anna blomstrar opp om hausten i ferskvatn. I Vigdarvatnet var det sist ei oppblomstring i 2017. Cyanobakteriar kan ved nokre høve produsera giftstoff i vatnet. Dette giftstoffet blei ikkje påvist i Vigdarvatnet i 2017, men av omsyn til føre var-prinsippet vil kommunen anbefala at ein ikkje nyttar vatnet til drikkevatn.

Vatnet bør heller ikkje drikkast av dyr. Eigare av bufe langs vatnet bør gjera tiltak for å sikre at dyra ikkje drikk av vatnet.