Dårlig trykk på vassleidningsnettet nord for Førde

Klikk for stort bilete
Dårleg trykk skuldast lekkasje, som pr. no ikkje er lokalisert. Personar i området blir oppmoda om å kontrollera sine private anlegg.

Abonnentar på det kommunale vassverket nord for Førde har dårlig trykk i nettet. Dette skuldast ei lekkasje i området Straumøy–Vihovde–Valestrand–Valevåg.

Kommunen har søkt etter lekkasjen siden laurdag kveld, og me søker framleis etter lekkasjen no på søndag. Det kan vera ein lekkasje på det kommunale nettet, men det er òg mogleg at lekkasjen er på ein eller fleire private stikkleidningar eller utekraner eller tilsvarande som er frosne i kuldeperioden som har vore, og no står og lek etter at det blei mildvêr.  Dersom du bur i området, sjå gjerne gjennom ditt private anlegg.

Dersom du har informasjon om saka, ver vennleg og ring til vakttelefon for VA 915 38 730.

Dersom abonnentane sparar litt på vassforbruket no til lekkasjen er lokalisert, vil det framleis vera nok vatn til alle. Me skal komma tilbake med informasjon så snart lekkasjen er lokalisert.