Digitalt møte i kommunestyret på måndag

Klikk for stort bilete 
Kommande møte i kommunestyret blir halde digitalt. Ta kontakt dersom du ønsker å delta som publikum. 

Med bakgrunn i regjeringa sine smitteverntiltak og -anbefalingar, vil følgande møte bli halde som fjernmøte (digitalt møte) neste veke:

  • Kommunestyret: Måndag 22. februar, kl. 17.00

Dersom du ønsker å følga møtet som publikum, ta kontakt med politisk sekretær på bjarte.stolas.storli@sveio.kommune.no. Du vil då få tilsendt lenke og passord for pålogging. 

Sakspapira til møta finn du i møteplanen.