Drop in-tilbod for oppfriskningsdose til visse grupper

Illustrasjon, vaksine - Klikk for stort bilete

Sveio kommune opnar for drop in-tilbod for visse grupper på følgande dagar:

  • Torsdag 29. september kl. 13.00–17.00
  • Torsdag 6. oktober kl. 13.00–17:00

Stad: Sveio soknehus

I tillegg til gruppene nemnde under, kan alle over 65 år som ønsker oppfriskningsdose av koronavaksinen (4. dose) nytta seg av drop in-tilbodet. 

Oppfriskningsdose til personer i aldersgruppa 18–64 år med underliggande risiko for alvorlig sjukdomsforløp

Regjeringa har avgjort å gi oppfriskingsdose mot covid-19 til risikogrupper mellom 18 og 64 år.

Personer i aldersgruppa 18–64 år med følgande sjukdommar/helsetilstandar blir vurdert å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19:

  • organtransplanterte
  • alvorleg og moderat immunsvikt
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • alvorleg nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydelig nedsett leverfunksjon
  • demens
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorlig astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag
  • diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårlig kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar.

Oppfriskningsdose til ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorlig grunnsjukdom

Folkehelseinstituttet anbefaler at ungdom i alderen 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom nå bør få tilbod om ein oppfriskningsdose.

Anbefalinga gjeld ungdom 12–17 år med dei alvorlige grunnsjukdommene nemnde under. Denne lista med grunnsjukdommar er forskjellig frå lista for vaksne.

  • organtransplantasjon (f.eks. hjarte, nyre, lever etc.)
  • immunsvikt (eksempelvis medfødd immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månadar) behandling mot kreft – spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
  • kronisk nyresjukdom med betydelig nedsett nyrefunksjon
  • alvorleg hjartesjukdom (born med hjartesvikt, alvorlig pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sjukdom/«Fontan-barn»)
  • alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorlig astma med forverringar som har hatt behov for akutt sjukehusinnlegging siste året)
  • anna svært alvorlig sjukdom (vaksinasjon i slike tilfelle må vurderast individuelt av barnelege)

Oppfriskningsdose til gravide

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom samanlikna med ikkje-gravide kvinner på samme alder. Risikoen for alvorleg sjukdom auker utover i svangerskapet og er størst i 2. og 3. trimester. Dersom den gravide samtidig har andre risikofaktorar, som for eksempel fleirlingsvangerskap eller underliggande sjukdom, auker risikoen ytterlegare. Folkehelseinstituttet anbefaler at gravide i 2. og 3. trimester får tilbod om oppfriskningsdose, ettersom det er då dei har høgast risiko for alvorlig sjukdom. Dette er uavhengig av om dei berre er grunnvaksinerte frå før eller allereie har mottatt ein oppfriskningsdose. Det bør ha gått minst fire – 4 – månader sidan førre dose.