Ei særskild oppmoding til russen

Klikk for stort bilete

I denne spesielle tida som me no er inne i, har Sveio kommune ei særskild oppmoding til russen.

Tysdag 24. mars 2020 forlenga regjeringa tiltaka som er sett inn i samband med koronapandemien, med det formål å redusera risikoen for smittespreiing. Nokon av anbefalingane frå styresmaktene blei stramma inn.

Styresmaktene anbefaler no at når ein er ute i det offentlege rom (i naturen, på gata etc.) bør personar halda minst éin meters avstand til kvarandre. Utandørs bør ein heller ikkje vera i grupper på fleire enn fem personar. Innandørs (heime, på jobb, i butikkar etc.) bør ein halda to meters avstand til andre.

Anbefalingane om gruppestørrelse og avstand gjeld ikkje dei som er i familie eller som bur saman (same husstand).  

Russefeiringa har så smått starta allereie. Me veit dette er ei tid som mange på vidaregåande har sett fram til lenge, og har gleda seg til å feira saman med sine medelevar. Korleis situasjonen vil vera i mai veit me ikkje pr. no, men her og no er det særs viktig at absolutt alle følger anbefalingane frå helsestyresmaktene. 

Som følge av dette vil Sveio kommune på det sterkaste råda all russ frå aktivitetar som russefestar og «rulling». Eventuelle samlingar av russ bør ikkje vera på fleire enn fem personar, og ein må halda den anbefalte avstand.

Desse avgrensingane på russetida kan kjennast som eit stort offer for mange, men me har tiltru til at alle har forståing for at omsynet til personar i risikosonen må vega tyngst i slike særs spesielle tider som me er inne i no.