Ekstraordinær tilskotsordning til etablering av "Nærmiljø og sosiale møteplassar"

Illustrasjonsbilde nærmiljøanlegg - Klikk for stort bilete

Måndag 24. oktober 2022 kl. 18.00 - 19.00 inviterer Sveio kommune til orienterings- og oppstartsmøte i kommunestyretsalen.

I møtet blir det orientert om intentsjonen bak og retningslinene for ordninga og om tilskot frå spelemidlane.

Kommunestyret i Sveio vedtok i juni retningslinene for ordninga. Det er frivillige lag og organisasjonar i bygdene Valestrand, Auklandshamn, Førde, Sveio, Lid, Bua og Vikse, som er godkjente søkjarar på ordninga, i tillegg til FAU ved skulane i kommunen. Kanskje kan eit samarbeid om søknad på tilskot vere aktuelt, på tvers mellom FAU, lag og organisasjonar?

Kvar bygd kan søkje om tilskott på inntil kr 200 000 til etablering av "Nærmiljø og sosial møteplass".


Arr. Ordførar og Eining for kultur, Sveio kommune