Er du interessert i å sitta i forliksrådet eller vera møtefullmektig?

Klikk for stort bilete
Er du interessert i vera medlem av forliksrådet eller møtefullmektig – eller har du nokon kandidatar du vil foreslå? Les meir om krava og korleis du melder deg som kandidat under.

Frist for å melda interesse for verv er 27. august 2020.

Sveio kommunestyre skal velja følgande for perioden 2021–2024:

  • 3 medlemmer til forliksrådet
  • 3 varamedlemmer til forliksrådet
  • 3 møtefullmektigar 

Kva gjer forliksrådet?

Samarbeidsutvalet for forliksråd og namsmenn omtalar forliksråda som "folkets eigen domstol". 

Alle kommunar har eit forliksråd. Det består av tre valde medlemmer og like mange varamedlemmer som kommunestyret vel for fire år av gongen. Forliksråda er ein del av rettsystsmet, og hovudregelen er at det ikkje er høve til få sivile saker behandla i tingretten før saka er prøvd løyst i forliksrådet. I 2017 avlasta forliksrådet resten av rettsystemet med over 77 000 saker. Normalt består forliksråda berre av lekfolk. Det er forliksrådet si oppgåve å finna ei minneleg løysing mellom partane. Det er inga plikt til å bli bistått av advokat i saker for forliksrådet.

Les meir om forliksrådet sitt arbeid på samarbeidsutvalet si nettside

Kven kan vera forliksrådsmedlem?

Krava til kven som kan veljast til forliksrådsmedlem følger av domstolloven §§ 53 og 56. Ein må:

  • Vera norsk statsborgar
  • Ikkje vera frådømt røysteretten i offentlege saker
  • Ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling, eller vera i konkurskarantene
  • Ver over 25 år og under 70 år
  • Beherska norsk munnleg og skriftleg godt
  • Elles vera personleg eigna til oppgåva

Ein bør òg vera busett i Sveio kommune. 

Domstolloven § 71 avgrensar nokon yrkesgrupper frå å vera forliksrådsmedlemmer, som dommarar, praktiserande advokatar og tilsette i politiet. Domstolloven § 72 avgrensar dei med ein viss vandel frå å vera forliksrådsmedlemmer, bl.a. dei som er idømd ubetinga fengselsstraff i meir enn eitt år. 

Kva gjer ein møtefullmektig?

Møtefullmektigane har i utgangspunkt til oppgåve å møta for partar utan personleg møteplikt i forliksrådet, der parten ber om å bli representert av ein møtefullmektig. Les meir om å vera møtefullmektig her

Alle som er over 25 år, har alminneleg god samfunnsmessig kunnskap og som godt beherskar skriftleg og munnleg norsk kan oppnemnast til møtefullmektigar. 

Meir informasjon:

Meir informasjon om forliksrådet si verksemd finn du her.

Vervet gjeld for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2024.

Er du interessert, eller vil foreslå ein eller fleire kandidatar, kan du senda ein e-post til politisk sekretær i Sveio kommune på bjarte.stolas.storli@sveio.kommune.no.

Dersom du vil foreslå kandidatar, hugs å først få deira samtykke.